Ærefrykt

Eg har laga sikkert fem utkast, tenkt, sletta og skreve opp att det fyrste innlegget etter den enorme sperra som har komt over meg sidan sist. Det er nesten som eg har gløymt korleis det er å skrive og ikkje bry meg om kva eg eigentlig får ned på det blanke arket. Kva i alle dagar skal eg skrive- og kva skreiv eg om før?

Dei siste dagane i Bergen har vore ein 'boost' for humør og sinn. Det er noko med dei minutta av ekstra lys som har blitt merkbare sidan hausten og vinteren tok tak i byen. Ikkje berre har vatnet frå himmelen blitt skrudd av i nokre dagar- men vi har óg fått streif av sol på nasa.

Og kva gjer litt sol med "Bergensarar"? Jo, dei kvitrar om kapp med spurven, smiler sine finaste smil og sosialiserar seg ekstra med alle dei er glad i. Det har óg den Fjonge gjort.

I går kan eg leve i nokre dagar på. Kvelds med dei finaste, besøk frå beste Kari og gode klemmar spandert i bøtter og spann. Faktisk er det gjort vitskaplege testar på at eit menneske i gjennomsnitt treng fem klemmar pr. dag for fylle 'kvota' si for kroppsleg kontakt.

 

Eg fekk mi oppfylt i går.






8 kommentarer

Friedrich N. Folvisch

24.jan.2012 kl.16:57

Du har så fin blogg!

Hilsen Folla <3

Solveig Emilie

24.jan.2012 kl.17:22

bra blogg!:)

Frøken Fjong

24.jan.2012 kl.17:25

Takk!

Hilde

24.jan.2012 kl.18:09

*klem* x5

Frøken Fjong

24.jan.2012 kl.18:16

Hilde, eg sakna deg!

Inger

24.jan.2012 kl.18:17

Juhuu! Endelig tilbake!

Johanne

13.feb.2012 kl.13:16

fin blogg! hilsen en annen bergenser:)

Gina

13.feb.2012 kl.21:24

Hei! Litt off topic dette, men ser du har vært i Kroatia, og lurer på hvor i Kroatia og hvilket hotell du bodde på? Vil du anbefale Kroatia?

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

30, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong. Happen to be a girl with a lot on her mind. Some days to much. The blog sort of helps me out to put words and shape of all the creativity that flourishes in my head. This is my way of living.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits