Livsteikn!

Ja. Eg har ikkje gått seks fot under. Eg er her framleis.

Blogging, jula og alt anna vart ikkje heilt som planlagt. Eg tenkte eg skulle ta hundrevis av fjonge bileter i jula og blogge finurlege ord.

Men der gjekk straumen, vatnet, internett og alt anna som gjer kvardagen litt enklare. Dagmar tok oss med storm!

Eg er midt i skaff-meg-internett-heime-prosjekt. Usb-pinnen med bredband kom i posten i forgårs. Teknisk tilbakeståande som eg er, så vil ikkje datamaskina heilt godta "pinnen", og eg treng mest sannsynleg hjelp frå ein mann.

Har du ein, send han til meg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

30, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong. Happen to be a girl with a lot on her mind. Some days to much. The blog sort of helps me out to put words and shape of all the creativity that flourishes in my head. This is my way of living.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits