Naken

Eg kom til verda naken- og ja, eg brukar å være naken perioda eg går ut ifrå dusjen til eg har fått på meg kleda eg skal gå med. Det hadde eg tydlegvis gjort her om dagen og.

Fjong har flytta på bakkenivå og kan sjå skuggane av menneska som går forbi mellom persiennene. Nyleg såg tydlegvis ein eldre herremann på meg óg. Eg vel å ta det som eit kompliment. Men får håpe han kjenne i besøkingstid.

Fjong hadde tydelegvis flaksa rundt i si eiga boble- vel å merke temmelig naken etter ein dusj. Etter å ha budd litt for lenge i by, der sjenansen av at folk kanskje ser deg inn i gjennom vindauget sakte men sikkert blir viska ut, så gjer ikkje eg alltid like stor flid med å dekke til dei viktigaste plassane på kroppen.

Dagen etter naken-flaksinga ringde det på døra til den Fjonge. "Øh, det høyrest kanskje litt rart ut- men eg er naboen din på andre sida av gata" Eh, ja? Sa eg. "Vel, ein eldre mann vart tatt av politiet i går, etter at han hadde kikka på deg ei god stund gjennom vindauget i tidsrommet 23.00-23.30" Jaha- sa eg, og fatta temmelig fort at eg ikkje hadde på meg termodress i den perioda. "Eg tenkte berre eg skulle seie ifrå at du må passe på å ha persiennene dine heilt nede når det blir mørkt om kvelden og du har lyset på inne i leiligheta"

Jo, du det skal eg. Men hei, takk for at du sa ifrå!





 

5 kommentarer

Evelyn

27.sep.2011 kl.22:05

ojojoj, litt av en opplevelse? .. xD

Stine

27.sep.2011 kl.22:16

Hahahahahaha, det er sant at det er lett å svinse rundt i si eiga verd :)

Bra å få en påminnelse om at folk kan sjå mykje details i mørkna :)

mari

28.sep.2011 kl.12:16

hahaha! Arti! Du klarte vertfall å underhalde ein eldre herremann ei stond då:)

Frøken Fjong

28.sep.2011 kl.16:15

ja du, det kan ein seie. Ein er fatisk alt for mange detaljar ute i mørket. Eg eeeelska å sjå inn på folk ifrå gata:-)

24.okt.2011 kl.12:30

Ingen skjede skadd.

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong. Happen to be a girl with a lot on her mind. Some days to much. The blog sort of helps me out to put words and shape of all the creativity that flourishes in my head. This is my way of living.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits