Rihanna

Den Fjonge har abolutt ingen forhald til Rihanna i det heile, men kom brått over ein billett heilt ledig til meg. Eg slo til- og angra ikkje eit sekund! Det har seg slik, i allefall for meg, når eg ikkje har forventningar til korleis konserten  (eller kva det måtte angå)  så kan det berre gå ein veg; Oppover.

Med sin enormt velproposjonerte kropp, snasne bikini og krusete hår entra ho scena som ho ikkje skulle gjort noko anna heile livet. Ho tok Bergen med storm! Meg, alle fjortisane, foreldre som var med fjortisar, og alle andre som diggar Rihanna smilte om kapp, grein, lo og hadde ein fantastisk kveld! Grein sa du? Ja, vi grein. Til minne for alle offera ved Utøya hadde Frk. R ein gigantisk bukett med roser som ho delte ut til små fans som var heldig å få komme på scena. Deretter song ho ein nydelig ballade medan namna til dei avdøyde rulla over den store skjermen. Eg var ikkje forbreidd i det heile, sidan anmeldinga dagen før gjekk meg hus forbi. Tårene kunne ikkje anna enn å renne.

Eg vart nesten litt sint, fordi eg visste ikkje heilt om eg likte det eller ikkje. Men konkluderte med meg sjølv at hadde ho IKKJE nemnt terroren på Utøya, så hadde det vore gale óg. 

Konserten kom til enden, og sjølvsagt, den siste songen passa best og er mest truleg skreve til Bergen; ´Under my umberella´. Folk hoppa, song og glitter vart spruta uttover eit nøg publikum. Takk, Rihanna!




2 kommentarer

Synna

22.aug.2011 kl.18:26

Og eg takka for følget!! :D

Katrine

22.aug.2011 kl.22:40

Jeg var sånn mor til en tenåring, og det var absolutt gøy!! Men såg ikkje deg da :-)

Eg hadde lest at det hun hadde en sang til minne om ofrene, så eg ble helt skjelven i beina da eg forstod hun ville gjenta det!

Det har vært mange tårer i sommer, selv om en selv ikke er personlig berørt.

klem til deg:-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits