Kloke ord

Eg har fri, og den Fjonge har alltid litt problem med å ha "fri". Eg får nesten panikk. Veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til. Fjong har ikkje problem i det heile med å fylle kvardagen, det er vel heller rake motsetnaden som plagar meg- det faktumet at eg faktisk skal slappe av og lade dei jævla batteria. Men joda, Fjong har bretta opp armane og tenkt at no når eg endelig har fri, så skal eg faktisk benytte meg av den anledninga å lade dei berykta batteria.

Batteria har vorte lada på fjellet. Fjong og smukke Karin har vore auforiske av begeistring for fjellet nesten kvar dag den siste veka. Den crispy lukta, sola som streifa over andletet og svetten som sila nedover panna har gjeve oss endorfinflaum i fleng! Vi har strengt tatt ikkje snakka om anna(løgn!) enn kor utruleg godt det er å komme seg på fjellet, idé vi pustar og pesar oss oppover bakkane. Og, steik- det er herleg!

Ellers leikar eg meg med livet, fine folk og gode samtalar over ein marshmellows eller to. Samt eit glas rosé. For uansett kor kvalmande fint det høyrast ut, so har det faktisk vore nett det. Kvalmandes fint!

Glimt frå Sol:











Kvelden då vi ikkje var på Kanye West(Men andre var):







Dagen då vi åt marshmellows:







 

2 kommentarer

Jens

18.aug.2011 kl.14:15

eg likte godt teksen. synst det er bra at folk endelig skjønne at nynorsk er et fint språk :) veldig fine bilder og!

Frøken Fjong

19.aug.2011 kl.13:53

Takk! Ja, eg kunne ikkje ha skreve på eit anna språk enn nynorsk. Det er vakkert!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits