Kjem du?

Eg bur i hi. Sommaren kom aldri, og eg ventar på å finne meg ein ny heim å bu i. Fjong har akkurat fyrt i peisen, etter ein heilt perfekt søndag med fine vennar, ei lita jente med blonde fjon og folk med det beste smilet. Vi har snakka om livet, den evinnelege kjærleiken, planlagt roadtrip til København, bedreve alternativ guiding på bryggen til hyggelige turistar, funne den lunaste plassen mellom alle dei skeive trehusa, kasta mynt i ønskebrønnen og ønska oss drøymane som svevar mellom øyrene akkurat no.....

Eg drøyme om sommar. Barbeinte nakne føter som leikar med ei glitrande vattenskorpe, svett nakkegrop og bustete hår som luktar som varm bomull. Eg kan ikkje hugse sist gong sommaren var slik som i "gamle dagar", då tørrhøy, raude auger og nysande naser vart redda av klingande bjeller frå bestemor sitt kjøken og disen la seg som eit tynt slør over dei dogga kveldssøvnige markene. Det verka som om vi ikkje bedreiv noko anna enn å bade, ete is, kleie på nye mygstikk eller springe rundt i badedrakt. Kjem ikkje du snart, sommar?























































2 kommentarer

hotandhorny

11.jul.2011 kl.00:25

Jeg savner sommeren selv! Får meg til å savne den ekstra mye av å se sånne bilder som det der og..

Siril

11.jul.2011 kl.01:54

Artig å lese. Du kan jo forsøke å bringe tilbake sommeren din og gjennomføre alt du nevnte over. Mulig du får noen snåleblikk men ...

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits