She.

 

Eg har vore tørr av ord.

Orda ville ikkje samle seg, mest på grunn av alt for mykje anna å tenke på. Kjærleik som gjekk over til varmt vennskap, utflytting av leilighet og vidare planlegging av den Fjonge sitt liv. Men no, etter oppfordring av fleire fine vennar er eg på nytt attende i den vakre bobla av blogging.

Eg er så heldig å ha ein blomst med fine folk rundt meg, som gjev alt dei kan av seg sjølv! Til eg får min eigen plass å bu, boltrar eg meg i nydelige Agnes si leilighet! Eg set utruleg stor pris på at eg kan late som den fine leiligheta er mi, medan ho lever livet sine glade dagar på reising i Italia. Agnes, du er ein sann engel!

Ellers har den Fjonge vore heime i bryllaup. Elin og Runar stråla om kapp med kvarandre på kjærleiken sin dag! Kan eg finne halvparten av den kjærleiken som sveva mellom dei to fine folka, så må eg seie meg vel nøgd. Dei må verkeleg vere meint for kvarandre, sidan han der oppe stoppa alle kranene og måla himmelen blå, etter ca. hundre dagar med regn regn regn.

 










































The end.

5 kommentarer

livetsgrusommeironi

10.jul.2011 kl.22:37

Så fint at du er tilbake! Nydelige bilder... :) Og sammen med musikken lager du magi!

Julia

10.jul.2011 kl.22:46

Kjempe fin blogg, bra innlegg! ♥

- Ha en fin dag

Matilda

10.jul.2011 kl.23:11

Fin blogg!

Hadde blitt glad om du la igjen en kommentar og fortalte meg hva DU liker. :)

Karin

11.jul.2011 kl.00:03

heia sjanetti-spaghetti!

jeanette

11.jul.2011 kl.10:59

Ja!, Karin!

Tusen takk for nydelig kommentar!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits