Sjuhundreogførtiåtte-

er antall foto eg tok i påska, dette her er 12 av dei. Sju dagar var eg heime i vakre Kjølsdalen, midt mellom fjordar og fjell. Fire gongar trente vi av oss kaloriar frå påskeegga som hadde lagt seg på magen. Ein gong intervall med påfølgande ein dag med gongsperre frå helvete.

Eg kyssa gullklomp Marius ca. 500 gongar, skamklippa ein stk golden retriver og åt to klubb(raspeball) med tilbehøyr. Ti mennesker som er i familie med kvarandre satt rundt det same bordet- ti av dei prata i munnen på kvarandre. Eg drakk minst 50 koppar kaffi, laga ein stk. pai til heile familien og to stolte besteforeldre hadde berre augene for den nye skapningen.

Eg var brisen på boblevatten ein gong, køyrde russebil i strekninga Haugen-Nordfjordeid ein gong for mykje, tok fem-seks runder i samme russebil, lærte opp til sju stykker kva "kuk i kano" betyr.

Eg var i ein sekstiårsdag, møtte seksten familiemedlemar som alle brukar ute-stemme inne. Fekk to fine lampeskjermar med bestemor, song femhundreogsekstitre gongar for lille gullklomp Marius, sola fjeset opp til åtte gonger og gjekk ti minuttar i den fine rosa prikkekjolen eg fekk med tante Jenny.

Åttini gongar er antallet eg måtte tenke meg om kva eg eigentleg har gjort denne påska. Fjorten gongar har eg tenkt at det var ei nydelig påske!















3 kommentarer

Blogg Deg Rik

25.apr.2011 kl.22:42

Disse tolv du la ut her var fine da! :D

Hilsen bloggdegrik.com - nettsiden som lærer deg hvordan du skal tjene penger på bloggen din
Hei :-)

Du hadde kjempefin blogg!

Jeg har forresten begynnt med spørsmål og svar på bloggen min, og lurte på om du hadde noen spørsmål? Det kan handle om alt, og ingen spørsmål er dumme!

Håper du tar deg en tur innom og slenger inn ett spørsmål ((':

// www.kuzz.blogg.no //

marlenestrandask

25.apr.2011 kl.23:01

kjempe fin blogg! :)

- kommentere tilbake?

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits