Sidan sist:

Har den Fjonge vendt snuten heim til dalen mellom fjordar og fjell. Noko resten av familien- som systrer, svoger og tantebarn frå Oslo óg har gjort. Vi kan kalle det god gammaldags påske med storfamilie, ein baby og ein hund. Til saman heile åtte personar under eit og same tak! Resten kan du vel igrunn tenke deg sjølv.

Noko av det beste ved sidan av å møte att familie, dyr og alle andre ein er glad i er sjølvsagt den klare lukta, naturen utanfor stoveglaset, det friske gode fjellvatnet og stillheita om natta- og sjølvsagt ein dag utan bilsumming. For oss som bur i by til kvardag er det luksus.

Som fleire av mine kjære lesarar har observert, så er eit tantebarn det nyaste tilskotet i familien. Gullklompen får all merksemda, og Era, vår finaste Golden Retriver er sjølvsagt ikkje det største midtpunktet lenger når det gjeld å kosast flat! Vel, det er ein sannheit med modifikasjonar- kos kjem i bøtter og spann til ho óg, men det må delast på.


Sidan sist: Har Therese trena alternativt med påskeegg.

Har Marius observert rare tanter, onkel, oldemor, besteforeldre og eit hårete dyr hoppe rundt og lage rare lydar med tilhøyrande grimaser.

Har familien Fjong dekka på bordet til åtte-

ete Frk. Fjong sin omtalte pai.

Har sola gleda oss med sitt besøk, og dalen lyste opp i si vårlege prakt!

Har fire stk familien Fjong jogga rundt dalen saman med barnevogn og ein stk. baby i. Ja bygda, snakk i veg.

Har den Fjonge samla fregner med raud-blussande kinn etter ein forfriskande joggetur.

Har bygda fått eit glimt av varme "urbane" drikker: Cappuchino.

Har vi besøkt den Fjonge bestemor, som bur rett ved sidan av på garden.

Og det store pelsdyret kom vaglande etter med logrande hale.

Har Frk. Fjong, Marius og oldemor kosa.

Har lille gull Marius blitt blåst på magen til han hiksta av latter.

Har streif av sol lyst opp stova til bestemor til langt på kveld.

Har den gule pelsdotten blitt lei av all "dikke, dikke".....

Uten at det har hjelpt.

Har den Fjonge gått på besøk over steingarden til naboen. Derifrå gjekk batteriet i kameraet.

Ynskjer alle forsatt ei god påske!


5 kommentarer

luluz

21.apr.2011 kl.15:26

utrolig søte bilder!

ta turen innom bloggen vår og vinn en iphone 4 :)

Vemund Eldegard ( - :

21.apr.2011 kl.15:36

Kjempe fin blogg! Søt var du også. Skal prøve å følge deg videre. : - ))

Stine

22.apr.2011 kl.22:19

God påske Jeanette!

Eg e heime på Hauane og kosar meg.

Kjekt å sjå at dåkke ikkje har hasta opp i dalen for å gå på ski, dåkke heller... Eg syns det var herlig berre å vere ute i sola heime på garden.

Snakkast

emma a. h.

23.apr.2011 kl.20:33

ah, så finefinefine bilete. Kva for eit kamera er det du har? Ikkje minst finfinfin tekst. Reine forfattaren du!

Jeanette

24.apr.2011 kl.10:50

Stine: GOOOd påske til deg og!

Ja, bruka reise på hytta i Stryn i påska, men no fekk vi besøk av tante-klompen som er litt over fem mnd. so då vart det litt styr å dra med seg han opp der:-) Deilig å nyte den heime og!

Snakkast! God klem!

Emma: Takk!! Eg bruka eit pentax. Redigera litt på dei ettepå. No lika eg å ta ned kontrasten litt, so det blir litt "slørete". Veldig kjekt med skryt!

Alle andre: Takk!!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits