Kan eg stole på deg?



Eg blir meir og meir skeptisk til det å stole på folk til eldre eg blir- og er ikkje lenger ukritisk til kven som slepp inn i mi private sfære, kven som får høyre om mine innerste tankar og kjensler. Til tider kan eg undre meg over om dei eg trur er mine næraste faktisk er til å stole på, sånn 100%? Er dei tvers igjennom ærlege med meg, og gjev dei like mykje tilbake av seg sjølv som eg gjev dei?

Av erfaring gjennom mine små 29 år, så har eg lært at det er noko som heiter "street-smart". Det uttrykket lærte eg av mi kjære syster då eg kanskje ikkje hadde den finaste perioda i livet mitt. Den perioda har eg har lært mest av i heile verda. Eg kasta meg inn i livet sin karusell med hud og hår, fortalde mennesker nære ting og vart lova gull, grøne skogar og regnbogen. Eg hadde rett og slett trua på mennesket heilt ukritisk. Eg har sjølvsagt trua på mennesker i dag i dag óg, men på ein heilt anna måte enn før.

Spesielt hugsar eg ein episode der eg var støttande og veldig trist på denne personen sine vegner, men som seinare viste seg å ha ei anna historie. Eg trudde eg hadde fått sanninga og var overraska med eit slag i magen då vi seine kvelden var i ein festlig samankomst og historia viste seg å vere heilt anna enn kva eg hadde fått servert. Derifrå visste eg at det var nok.

Når det er sagt. Eg har ein heil bukett med vakre fine mennesker i livet mitt! Og eg stolar hundre prosent på alle. Med dei eg har eg eit ta-og gje forhald- og kjenner at eg får like mykje tilbake som eg gjev av meg sjølv i gode og onde dagar. Kjenn på det- er du den som gjev og gjev og aldri får noko tilbake? Kutt dei menneska ut. Dei tek berre energi og krefter frå deg; og du vil kjenne deg mykje lukklegare.

De veit kven de er. Kjærleik til dykk.

7 kommentarer

"Nora"

14.apr.2011 kl.12:49

Ja, det er en av lærdommene i livet. For noen kan det være et slag i trynet, for andre er det ingen overraskelse. Men da er det godt å ha en nær krets man kan stole på. Kanskje det ikke er så mange, men de er utrolig kjekke å ha :)

Skogstjerne

14.apr.2011 kl.12:50

Så fint innlegg. Liker å lese noe annet enn klær og mote for en gangs skydl:) Ha en fin dag.

Hilsen Skogstjerne

thesecretsinlife

14.apr.2011 kl.13:00

Så sant som det er sagt dette frøken fjong!

Man skal være litt varsom med hvem man deler hemmeligheter med gitt, og dette lærer man på den harde måten opp gjennom som årene går....er vel det som også er med på å forme oss så bare negativt er det ikke å møte på et og annet brennesle ;o)

Klemmer fra meg

Kenneth Berstad

14.apr.2011 kl.13:07

Takk, der satt du ord på mine følelser og :)

I have dreams

14.apr.2011 kl.13:11

jeg har vel erfart dette selv opp gjennom tidene. jeg hadde en venninne jeg trivdes godt ilag med i den forstand at vi kommuniserte bra og vi likte de samme filmene, men hun gav aldri 100% av seg selv, ikke 80% en gang, jeg hadde hele tiden følelsen av at hun holdt veldig mye tilbake, mens jeg delte altfor mye av mitt liv med henne.

jeg kuttet henne ut etter hvert for jeg er blitt veldig kresen på vennskap og synes livet er for kort til å gå med en maske selv når du er ilag med en venninne, poenget måtte da være å slappe helt av i hverandres selskap og kaste den masken en gang for alle.

jeg har fortsatt tro på mennesker og prøver å se det beste i alle. selv i henne var det utrolig mye fint, og hun var et godt menneske. men det er ikke alle mennesker vi kommer så nære innpå, det er ikke alle vi har like god kjemi med.

du skriver nydelig, som alltid :)

Prinsesse Leila Mariell♥

14.apr.2011 kl.14:21

æ har kjempestore problemer med å stole på folk, etter at det har skjedd altfor mange gang at det har vist sæ at æ egentlig ikke burde stolt på dem.. har noen få æ stykker æ stoler på, men har kanskje én æ stoler 100 % på

Frøken Fjong

14.apr.2011 kl.17:30

Det som er bra er at dei fleste lære opp gjennom åra! :-) Så noko godt kjem ut av det!

Trond Martin Gilleshammer, hadde aldri trudd du var så reflektert!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits