Hugsar du Busnel?

Leitar du i den gamle garderoba til di mor eller bestemor kan du vere så heldig å finne ei jakke eller gensar av merket Busnel!

Busnel var eit av dei heitaste klesmerka på 80- tallet, og no er dette franske merket tilbake for fullt! Den Fjonge har sjølv hatt kundar med draumande auger som formar ordet "Busnel" i munnen som om det skulle vere namnet på sin kjære. Det er med andre ord mykje nostalgi og minner som ligg bak dette namnet. Ullvarene har vore i produksjon i Frankrike sidan 1920. I generasjonar har Busnel haldt hemmelig strikkemetoden som gjer at ullet ikkje nuppar. Fransk ull er Busnel sin spesialitet og har levert klassiske kolleksjonar til kvalitetsbevisste i omlag 90 år!

Den Fjonge har verkeleg fått augene opp for den karakteristiske marineblå ulljakka med gullknappar, etter at Filippa K. hadde ei liknande jakke i forrige vårkolleksjon- som var tydelig inspirert av det franske merket(Og som Frk. angrar på ho ikkje slo til på). Ein dag skal kleskåpet til den Fjonge vere stolt eigar av ei slik jakke. Til no får eg berre drøyme......

Klesmerket kan kan kjøpast på diverse stadar rundt om i Noreg og sjølvsagt gjennom nettsal.

Har du gode minner om Busnel?





Blogglisten

2 kommentarer

Katrine

14.apr.2011 kl.09:52

Vittig, nå fikk du meg til å føle meg som moren din, Jeanette:-)

Jeg hadde både genser og lue av merket i tenårene nemlig..;-)Marineblå...dessverre borte nå. Mener å huske at det var en egen Busnelbutikk på Bryggen..

De er fine då!

Klem

jeanette

14.apr.2011 kl.10:28

Haha, neeeiiii. Men flesteparten av dei eg har snakka med har vore godt voksne damer. Huska bestemor hadde fleire jakker av dette merket(som eg ikkje veit kor e lenger) Du e jo ung som ein fole!

Klem tilbake!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits