Streif av sol

 

- 'Du må vakne' sa han. Det er vår ute. Ho gnei svevna ut av augene og snudde seg rundt i senga. Himmelen der utanfor var blå, langt bak det tynne sløret av skodde. -When there are clouds in the sky, you'll get by. Tenkte ho.

-'Vi må ut å trekke frisk luft, nyte dagen medan regnet ikkje plaskar ned'. Beina var tunge av døsing då ho satte dei på det kalde golvet. -'ok, eg er med'

Vindauget mellom ute og inne lurte dei litt. Vinden var sur, kald og temmelig frisk. Streif av sol hasta forbi fjella og over dei raude andleta som tappert bana seg veg oppover fjellet. Det er som han der oppe har bestemt seg; Bergen skal ikkje få for mykje sol. Berre litt, sånn at dei ikkje gløymer kva dei lengtar etter.

Betenkte og glad såg dei utover byen i sitt hjarte. Begge to tenkte det ingen av dei sa.











3 kommentarer

Ida Marie - kommenterer tilbake

08.apr.2011 kl.19:30

fin blogg:D

I have dreams

08.apr.2011 kl.19:38

herlige bilder. disse var rett og slett magiske. bilde nr 2 elsket jeg, jeg tenker mystikk, eventyr og lengsel. vakkert.

jeanette

08.apr.2011 kl.23:29

Tusen takk:-) Det var deilig lukt av vår ute i dag! Godt å sjå at våren endelig bana seg veg opp mellom alt det grå....

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits