Det her lika vi ikkje!

- Eller, Frk. Fjong.

1. Ting med sitronsmak. Smakar motbydelig og synteisk.

2. Steikte etande objekter med rosiner i. For det fyrste byr konsistensen meg imot. For det andre kleiar(klør) det infernalsk i tennene når eg et det. Heilt sant.

3. 'Glamour' på TVNorge. Kva i alle dagar er det med den 90-talls porno lyssettinga og dei enormt grunne dialogane karakterane har seg imellom? Kvifor MÅ dei bytte plass med den andre personen kvar gong dei har sagt noko dramatisk(ca. kvart andre sekund...)

4. Mennesker som burde ha vore gamle nok til å skvære opp, bli vennar og gje kvarandre ein klem. I allefall vennskap som har låge fleire år i dvale og som har vore nært og kjært. Livet er for kort og quaisy til å ikkje være glad i kvarandre.

5. Folk som berre er fine utanpå men ikkje inn i. Til slutt vil ein bli gjennomskua.

6. Hundar som ikkje gidd å helse på den Fjonge. Hundar SKAL kosast flate.

7. Gongsperre. Trening skal visst gjere godt......

8. Regjeringa og Helse Førde som gjekk inn for å leggje ned fødestova og ortopedien på Nordfjord sjukehus. Kan dei ikkje forstå at alt lokalsammfunnet vil er å kjenne seg trygge?

9. Mennesker som knekk kviser i full offentlegheit. Spy!

10. Grovbrød som smakar myggel etter å ha dandert DET fantastiske smørbrødet!

11. Tom kaffiboks grisetidleg ein morgon.

12. Fjortisjenter som trur platinablondt hår og puddertryne (helst 2 cm. tjukt) høyrer ihop. NEEEEIIII!!! DET ER STØGGT!

13. Grå mus som tek opp eit par fargerike og fantastiske pumps og ler høgt av fargen berre fordi den er LITT i overkant fargerik for dei. PRØV dei! Du vil bli svært overraska over kor utruleg tøffe dei kan vere!

14. Buekorps! Kjem ALDRI til å like dei urytmiske snørrungane!

15. Rått andebryst, slik eg fekk det servert i Paris. Eg ELSKAR sushi, men rått raudt kjøt gjer meg rett og slett kvalm.

16. Jenter som sit på fest og kviskrar saman med målande blikk. Ærlig talt, er de snart 30 eller 17?

17. Regn 245 dagar i strekk.

18. One-piece. Nei, det er forsatt ikkje kult i det heile. Uansett korleis du vrir og vende på det!

19. Ekspiditriser/ekspiditørar som ikkje seier 'hei', overser deg og snakkar i tlf. medan du er i butikken. Om du heller ikkje likar det bør du handle på Filippa K. i Bergen, der er alle hyggelige, smilande og hjalpsame;-)

20. Gutane i fyrste som spelar høg musikk med dundrande bass. Trance-musikk er HEILT forferdelig, det er ikkje spesielt tøft å røyke hasj eller å ha besøk av skrikande smårips som knuse flaske frå altanen.

Oi, eg kjenner at eg har dagen til å berre fortsette og fortsette! Godt eg er pokker so perfekt sjølv då.....;-) Beklaga til dei som kjenner seg støtt. For all del ikkje meininga.

10 kommentarer

M0922

07.apr.2011 kl.23:20

JA dette var en bra lang liste :-D

MALIN ANGELICA

07.apr.2011 kl.23:29

en lang liste! men hadde noe til felles:)

Frøken Fjong

07.apr.2011 kl.23:48

Hm, ja.

kjersti :D

08.apr.2011 kl.00:49

Eg kan absolutt sei meg einig i veldig mange av desse her. Men nr. 9 - er det verkeleg nokon som gjer det??! Desse menneska har eg heldigvis aldri møtt!

Solblom

08.apr.2011 kl.08:44

Går Glamour fortsatt på TV?? Vet ikke om jeg skal være forvilet eller imonert, hehe

Frøken Fjong

08.apr.2011 kl.10:50

Ja, faktisk finnast det folk som knekke kviser i full offentlegheit. Sånn litt diskret skrape vekk den svisa... æsj!

Glamour held koken! Kom så vidt innom serien i går. Ropte for meg sjølv....arg!... og bytta for..haha

J.

08.apr.2011 kl.15:10

ja, faen. eg seie meg einig i alt! Serlig nr 2!! eg hata rosiner i mat. kokte og steikte rosiner, nei takk.. johnny seier eg e den mest hatske personen som fins (altso, at eg hata alt..) eg kunne sikkert ha tilføya en god del på lista di...

kom heim snart forresten.

jeanette

08.apr.2011 kl.18:24

Ja, men eg satt å tenkte at den skulle vere endå lenger.... men eg måtte berre droppe dei negative tankane....ellers kunne det gått gale ;-)

Kjem kjem!!!

jeanette

08.apr.2011 kl.18:25

og nr. 4....makan........!!

J.

08.apr.2011 kl.23:54

Einig! Eg gler meg te du kjem, då må du ta mange fine bilde av klompen min! Ikkje at det blir vanskelig, han e jo et prakteksemplar! :) Tante Kirsti e nedom med kamera rett som det e! Heldigvis! :)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits