Muskelvonde. Hjarte er og ein muskel.

På ein heilt vanleg tirsdag, sånn litt ut i veka. Regnfull sådan, som seg hør og bør i den våte byen.

Vakna med tankar surrande kring i hovudet. Tankar om kor forferdelig trist det vil vere å reise frå alt det som får meg til å smile her i byen. Mine vakre som kjenner meg inn til beinet- som har lagt merke til at musklane i høgre sida av ansiktet til den Fjonge ikkje er like sterke som i venstre sida (har med den skeive munnstillinga på kornetten når Frk. spelar), at eg elskar livet like mykje som eg hatar det, at eg sjeldan drikk opp meir enn halva av kaffien, som avsluttar setningane eg har starta på og som legg varmeflaske i enden av senga berre fordi eg ikkje likar å sove med kalde føter.

Faktisk vil eg ikkje skrive meir om alt dette no. Eg vil nyte dei siste månedane i Bergen med fulle drag og la tanken modne dag for dag. I Juni skal eg ta den fram att, ønske den velkommen og smile til den.

Vi åt hjarter til frukost i dag. Grove hjarter med jordbærsylte og lytta til "All you need is love" med The Beatles. Det er ein banal men sann tekst- for alt vi mennesker treng er kjærleik. Vi starta dagen med det.

Før jobb og nokre timar med kvardag kalla, svømde vi ut i dei Bergenske gater med thigts og springesko på. Vi crawla rundt i Sandviken til ho Fjonge var så blaut i kledninga og skoa at dei surkla for kvart steg ho tok. Gårsdagen si trening sat godt i musklane, og på jobben angra ho på rovdrifta av kroppen. Ho pådrog seg og ei blå hand, etter kraftig møte med handa til han fine under boksetreninga.I morgon blir det restutisjon!

Alt den Fjonge ønskte var å krype under pleddet heime i stova, drikke te og sjå hjernedaud tv medan regnet plaska utanfor. Slik vart det. Her ligg ho med verkande musklar og hand med stor blåkul på. Sjølvmedliden? Nei, eg kjenner at eg lev!


Hjarter


Sjå kva katta drog i hus!

Skade ved boksetrening

Snartur innom Pingvinen

Dansing på veg heim til sofaen

Utvikling av blå hand


 

9 kommentarer

I have dreams

06.apr.2011 kl.00:00

du er et utrolig intenst menneske, du skriver på en helt unik måte som viser små og store glimt av en helt unik personlighet, jeg tror alle av oss er unike, men jeg tror mange av oss er flinke til å skjule det, du skiller deg ut fra resten og fyller meg med glade tanker og håp. jeg liker skinnende mennesker.

stilig at du bokser, kan nesten se det for meg. myk femininitet vs vilje av stål, det passer deg.

Silje Zindellas

06.apr.2011 kl.00:47

fine bilder :)
Så flott du skriver. Nydelige bilder også,.

Silje

06.apr.2011 kl.07:19

Du er flink til å skrive. Liker bildene dine, også.

jeanette

06.apr.2011 kl.11:17

I have dreams: Tusen takk for veldig fin tilbakemelding! Du er så flink til å forstå og reflektere over det eg skriv! Ikkje alle som tek seg så godt til det. TAKK!!:-)

Og takk til alle andre med fine kommentarar:-) Gleda mitt hjerte!

Krista

06.apr.2011 kl.12:04

Kjempefine bilete! Likte spesielt godt det frå Pingvinen, eigentleg. Klart det er trist å reise frå ein stad ein har vore lenge. Men kanskje det blir fint og godt i Oslo? I alle fall mindre regn;)

Reinert

06.apr.2011 kl.14:28

Dei vaflene var xtra gode fordi eg hadde grovt mjøl og raspa gulrot oppi røra. Beatles er bare gode, treng ikkje tilsetje noko xtra:) fint innlegg,frøken fjoll!

Mari

07.apr.2011 kl.22:11

Tenk om man kunne pakke med seg alle sine fine folk når man flytta! Det hadde vore nåke!

Frøken Fjong

08.apr.2011 kl.23:36

Eg veit! Skulle so gjerne ha gjort det! Men det trur ikkje eg går....

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits