Gåve frå Spanien!

Som dei "gamle" lesarane mine kanskje fekk med seg, men ikkje dei nye blomane- so hadde Frk. Fjong og den fine venninna Sol guida tur på seinsommaren for to spanjolar.

Vi møtte dei ein sein og fuktig laurdagskveld på utestaden Garage, halvegs ned i vår nyinnkjøpte 'Irish Coffee'. To stakkar og fortapte sjeler som klundra med eit bykart og forsiktig spurte etter kva attraksjonar som var verd å få med seg i byen mellom dei sju fuckings fjell (Ps. Fjella BØR gjennomgå, sidan dei faktisk er skuld i alt regnet). Vel, dei to fruene var på ein måte litt kalde og avvisande i starten, for kyniske som er, var det ikkje dei flottaste mannebeina vi hadde sett. Men heilt ok standar- ein terningkast 2, kanskje.

Men vi let oss sjarmere av dei spanske genane. Til lenger ned i drinken vi kom dess ivrigare vart dei to fjollene. Då lysa slo seg på, gjekk dei fornøgde avgarde til 'YMCA' med eit overskribla kart og kryss i hjartet om privat guding dagen derpå. Pokker.....

For å gjere ei lang historie kort- for makan, spanjolar KAN å ta livet med ro, så enda dagen med kyss og klem på kvar side av tjaken, utveksling av e-mail adresser og lovnad om gåve frå Spania ved attvending til landet. "We give you something that reminds me of you".

Endelig kom dagen vi hadde venta på! I pakken fekk vi ein okse som galloperar medan spansk musikk ljomande ut av understellet, kastanjetta og eit vakkert handskreve brev. Vel, desverre ser vi ikkje heilt linken kva som spesifikt minnar dei om oss i den gåva vi fekk- men rørande var det uansett!


Sjå fangsten!

Sjokka over oppførselen til oksen.

Skepstisk til negerkuken med lyd i.

Ok- la gå, eg gjer deg eit kyss.


5 kommentarer

Sunshine

03.apr.2011 kl.15:43

Hi hi. Finfint!

Frøken Fjong

03.apr.2011 kl.15:46

I know! Haha...:-)

Frøken Fjong

03.apr.2011 kl.15:47

Ps. sjå neste innlegg, og kva eg skal ha meg!

Inspirato

03.apr.2011 kl.22:11

Haha. For en STYGG gave! Jeg ler. Hva SKJEDDE?

jeanette

03.apr.2011 kl.23:17

Har ingen ide!! Trudde kanskje vi skulle få ei gåve med sjel..... men neida... fint sjal, heimesnekra smykke osv..... eg vil sende den tilbake!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits