Søndag, gratinert photoshop og leiking med pannekaker

Ja, akkurat. Hovudet mitt kjennast litt slik ut.

Formen til den Fjonge kan seiast å ha vore betre. I går var det piker, raudvin og litt song i sofaen til Frk. I ekstasa over å ha slikt ein kjekt selskap av dei to flotte jentene, så gløymte den nesten maniske fotografen å ta eit einaste fotografi!

Heller ikkje i dag, då han fine si tante onkel og syskjenbarn var på middag, tok den Fjonge bileter (?). Ikkje veit eg kva som gjekk av, men ser no at eg må ta att det fortapte dei komande dagane.

Søndag er søndag. Men i dag kan eg ikkje skryte på meg eit dagsverk. Eg vakna apatisk, såg "La bella vita" apatisk i senga, dusja apatisk, såg tv apatisk og iakttok apatisk mannen då han lagde mat til middagsgjestane. Generellt utsjånad som ein neandartalar , med andre ord.

Vakna sjølvsagt smått utover den regnfulle søndagen, og ser no at eg kjenner lakenskrekken komme sigande. Då vart det oppvasking, teikning, fotografering, rydding og 'lær korleis du klipper ut eit objekt og set det inn i eit anna bilete'- prosjekt på photoshop. Noko eg skulle ha lært meg for ein mannsalder sidan!

Det måtte altså ein apatisk søndag til for at den Fjonge skulle lære det. Men no kan eg skryte på meg at eg kan det grunnleggande.


Chili og kvitlauk kosar seg
Alt blir betre med sopp!

Ni-lesing av photoshop boka mi og PS tutorial på Youtube

Ideskissing til utstillinga eg skal ha på Oasen

Fjong putta ein fin bluse inn i eit anna bilete. Valde å gjere den litt mystisk og gjennomsiktig.

Spøkelsebluse! Kor mange blusa ser du?

6 kommentarer

lena

28.mar.2011 kl.00:33

hvordan får du til det svake lyset på bildene ? :)

Frøken Fjong

28.mar.2011 kl.00:41

Kopier eit nytt lag ved å trykke ctrl og 'j' Gå deretter inn på filter, blur og average. Då blir bildet heilt grålig. Gå deretter på 'opacity' i verktøyboksen til høgre for biletet nog ta den ned på ein ønskelig prosent. Eg bruka ha den ca. på 50 %. Bland saman begge laga ved å trykke venstre-shift+clrt og 'E'.

Håpe du forstod det. Om ikkje gje ein lyd tilbake, so kan eg prøve forklare det endå beire:-)

Pia Bjørnsen

28.mar.2011 kl.01:54

fine bilder :) maten så god ut!

Malle twolegs Velkommen Stalkers

28.mar.2011 kl.02:14

Fine bilder ja :)

Maria !

28.mar.2011 kl.08:21

fine bilder

Stine

28.mar.2011 kl.09:27

to blusar :)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits