Det å leve

Eg tenkte på det på bussen.

Kva skal til for at vi mennesker kjenner oss nøgde? Alle har vel ein slags illusjon om korleis dei ville livet skulle bli og kva dei skulle ha utretta på dei forskjellige stadiuima i livet. Nokon lykkast til fingerspissen, medan dei fleste av oss blir skuffa over livet sine frukter til tider. Eg kjenner meg sjukt mislykka når eg ikkje har trent, ikkje har gjort eit dagsverk, ikkje ser Fjong ut, ikkje har måla og selgt bileter, ikkje har vore sosial osv. Lista er pokker så lang! Det skal mykje krefter til å kunne greie alt dette på berre 24 t. Eller for å seie dei 15- 16 timane på dagen eg ikkje søv. Og eg brenn meg sjølv i begge endane om eg ikkje passar på.

Sol tenkjer på det óg.

Mi gode venninne leverte inn den skriftlege delen av masteroppgåva si hjå Bergen Kunsthøgskule i dag. Ho tek for seg emnet om kvifor mennesker alltid er på jakt etter noko betre og kva det vil seie å vere eit menneske(?). Å vere menneske handlar ikkje berre om forhaldet mellom sitt eige indre og ein ytre overflate eller fasade, det handlar også om relasjonar til andre mennesker. Ikkje berre er vi oppteken over korleis vi framstår utad, korleis andre oppfattar oss, vi gjer stadig samanlikningar der vi måle oss sjølve opp mot dei vi omgår.

Kvifor er det så viktig for oss som mennesker, spesielt i den vestlege kulturen å vere best i alt? Er det noko rart den nye folkesjukdomen er utbrentheit, psykiske lidningar og angst? Prøv å få ei filledukke til å bli eit glansbilete.

Mennesker er sin eigen fiende- i alle fall kjenner eg meg som min største fiende inn i mellom. Vi set for høge krav til oss sjølve og forventar at innan den og den tid, så skal du ha oppnådd alle desse måla du sat deg som pur frisk ungdom- då ein ikkje visste betre. Lite visste ein kva forventningar, tankar og kronglete vegar livet ville bære ein i. Men herlighet! Kva i alle dagar for eit menneske blir den skrott som har gått i gjennom eit prikkfritt liv? Eg synast ordtaket om at den som ikkje har kjend sorger, kan heller ikkje kjenne glede- for perspektiv trengst i livet for å kjenne på kor godt ein inn i mellom kan ha det. Det viktigaste er å halde fast ved dei små blafra av glede som måtte dukke opp på din veg. Å tru at livet skal vere som rosa sukkerspinn non-stop er berre naivt. Kjenn litt på det vonde, veg det i handa di og blås det vekk som ei fjør. Då kan det hende du ser blå himmel bak alle dei grå skyene.

Eg synst i alle fall at du skal ta turen til Kunsthallen i Bergen tidsrommet 8. april til 2. mai og få med deg masterutstillinga i kunst, og ikkje minst gode Sol si tolkning av kva det vil seie å vere eit menneske.

Meir informasjon finn du her: http://www.khib.no/index.php/khib/Visningsrom/Avgangsutstillinger/Avgangsutstillinger-20112/Avgangsutstillinger-2011
Den fine oppgåva

Innhaldet

pastell

Spennande oppgåve og gode refleksjonar

Sjølvportrett

Sol sin bror, Simen

Fjong vart gleda inn i hjarterota av å stå på "takk til" - lista. Takk sjølv, fina!

Veldig flink og lei jente

Mannen laga vaffel til lei kropp

10 kommentarer

♥Natalie - Bloggdesigneren♥

25.mar.2011 kl.20:17

Bra skrevet!

Tulla!

25.mar.2011 kl.20:18

kjempefin blogg!:-D

jamzy

25.mar.2011 kl.20:21

Fin blogg!

Kommentere tilbake? ;;

Frøken Fjong

25.mar.2011 kl.20:22

Tusen takk Nathalie og tulla! Nei, kommentera ikkje på usaklege innlegg!

Sunshine

25.mar.2011 kl.20:34

Takk Frøken Fjong...fint... :)

Sunshine

25.mar.2011 kl.20:41

Eg meinte, veldig fint. Du er god.

♥ m a e n g / /

25.mar.2011 kl.20:46

utrolig bra skrevet & reflektert :-)

I have dreams

25.mar.2011 kl.20:52

veldig godt skrevet, igjen ble jeg sittende her inne helt fengslet av teksten din. jeg synes du har mye visdom å dele med andre, og mye innsikt.

slik jeg ser det, etter å ha levd en stund, er at mennesker sin verdi ikke burde måles hele tiden utifra hva de har prestert den dagen eller uken av et arbeid, jeg vet det er lett å føle seg mislykket om en ikke har produsert et stykke arbeid som straks bærer frukter. men mye arbeid er kjempepositivt og verdifullt selv om det ikke alltid viser resultater med en gang, synes jeg selv.

og noe av det en presterer er kunsten å leve, å kunne gi seg selv små pusterom innimellom og komme sterkere tilbake.

dette med at en skal se perfekt ut, prestere på toppnivå, og hele tiden hevde sin intelligens på ulike måter synes jeg minner litt om et elitistsamfunn, hvor man hele tiden må være på topp.

flott med ambisjoner og drømmer som er motiverende og som hele tiden driver en videre. men man må jo ikke dukke helt under bare om en ikke når sine egne forventninger til alle tider, det viktigste i livet er å lære at man ikke alltid kan ligge på toppen, en del av livet er å falle og reise seg opp igjen.

27.mar.2011 kl.22:34

Nå har jeg levd ganske lenge..snart 50..men vi blir aldri utlært i det å leve..som det sies i kommentaren foran min, falle og reise seg igjen er også en del av livet. Du skriver veldig bra frk fjong..og det er en fornøyelse og glede og lese og se de flotte bildene dine. Takk! hilsen Bente

Frøken Fjong

28.mar.2011 kl.00:36

Tusen takk for alle fine kommentara eg har fått på innlegget!

Eg er glad for at å dette og reise seg igjen er ein del av livet- ville ikkje voe foruten. Sjølvsagt tøft når ein er midt i det, men ein blir sterkare og lære meir om sin eigen kropp og mentale helse på det. Det er valørane i livet som gjer det heile meir spennande:-) På godt og på vondt:-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits