Sjekk ut 'DiTo'

Fjong tok turen til Fyllingsdalen og Oasen i dag, for å avlegge eit besøk hjå mine tidlegare kollega og nydelige damer Tove og Anneliv! DiTo er butikken for kvinner som tør å la seg inspirere og bli unike! Dei føre merke som Mette Møller, Undorn, Kaffe, Vernissage, v- collection, creme osv.

Fjong fann sjølvsagt sine favorittar. Utruleg kul body i stripa marine og kvit, med tilhøyrande sjal, romantisk skjørt og sko med kilhelar. Og for å ikkje gløyme; veska med naglar. Om så eg må drepe skal eg ha den!

Om du ikkje tek turen alt for ofte til Oasen, så er det absolutt eit supert tips for ei kvinne i sin beste alder!

Ps. Fjong er så heldig å få stille ut bileta sine i butikken deira om ikkje alt for lenge!! Pss. LES gjerne resten av bloggen min!:-) UTRULEG kjekke blogg, igrunn!


Flinke eigara! To blide smil, ein kopp latte og deilig attsyn med desse to flott; og dagen var redda for Frk. Fjong! Berre det er verdt å ta turen for:-)


Kjempe flott interiør og ei nydelig lyskrune over disken!


Fjong 'posa' over si evne, og fekk nesten hekseskot på heile greia.Ja takk til heile antrekket, men ser at eit lite underskjørt  må til. body til ca. 600 kr. og sjal til 400 kr.
Sarte deilige plagg for ein kvardagsromantikar...


 

2 kommentarer

Jenny

26.mar.2011 kl.13:25

Kjekt å se igjen disse deilige damene her!! Så fine dåkke e! Flott antrekk, Jeanette! Gleda me til å handle på DiTo neste gang e kommer til Bergen :)

jeanette

27.mar.2011 kl.21:59

Ja, sant det var fint? Kjekt å få kommentar frå deg, Jenny! Savna ditt blide vesen! Håpe du har det fint heime:-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits