Ein grov om dagen, gjer godt for magen.

Tolk det som du vil.

I dag lagde den Fjonge grov pai, med eit upåklageleg resultat- om Frk. sjølv skal seie det! Vel, halvparten av kveitemjølet vart bytt ut med samalt kveite, og kan vel eigentlig kvalifiserast som ein halvgrov ein.


Smuldre saman 150 gr margarin, 100 gr kveitemjøl og 100 gr sammalt kveite. Hiv opp i 2 ss kaldt vatten. La deigen kvile i frysaren ei lita stund, medan du......
Tek deg eit glas godt og kaldt øl. Forsett deretter på sjølve innhaldet i den grove paien.
Del opp tynne skjever av raudlauk. Innhaldet i fyllet kan du stort sett bestemme sjølv, berre du på ein måte får det til å henge fast ned i dette såkalla grove paiskallet.
I basisfyllet brukat Fjong ein pakke matfløyte og fire egg. Sleng opp i ein dæsj krydder etter behov.
Saman med raudlauken blandar den Fjonge husfrua opp i ein halv med fetaost og ein liten boks mais.
Ta opp deiga frå frysaren. Den skal til no ha blitt passe hard og velvillig til å la seg forme i paiforma. Forsteik paiskallet på ca. 200 g. Prikk den med ein gaffel før du tek den i det varme element.
Sleng i røra, og steik den på same varme til fyllet er stivna og fetaosten gratinert. Nyt den med resten av ølet, godt landbrød og kanskje ein kvast med ruccola?


6 kommentarer

cecilieerstad

24.mar.2011 kl.22:46

Såg veldig fristende ut! :) Liker at du bruker så mye bilder, og du er flink til å ta bilder også. (-:

Frøken Fjong

24.mar.2011 kl.22:53

Takk! Veldig hyggelig at du synst det! :-)

Prøv det, den er ufattelig god!

Ha ei nydelig kveld:-)

sweetnezz

24.mar.2011 kl.22:57

Det såg kjempegodt ut!

deppajente95

24.mar.2011 kl.22:58

Ser jo fristende ut, men ikke noe for meg :)

Kommenter gjerne tilbake :)

Frøken Fjong

24.mar.2011 kl.23:00

Desverre deppa jente. Kommentera ikkje tilbake på oppfordring. Gje meg heller ein konstruktiv kritikk du, så gidd eg kanskje kikke på din?

M and Dee

25.mar.2011 kl.10:10

Åh, namnam! Pai er det helt utrolig lenge siden vi har spist, men herregud så godt det er da! Også er det vel sunt også, så det hjelper jo på det også :) Utrolig fine bilder du hadde tatt også, det så skikkelig fristende ut!

Always and forever -M and Dee

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits