Då lykkeliten kom til verda



Sidan sist har Frk. Fjong, som de kanskje har sett, vore til Oslo i dåp til sin nydelige gullklomp og tantebarn, Marius. Har berre sett det vesle ferske mennesket ein gong sidan han kom ut i november, så det var verkeleg på tide å få sjå han igjen! Og eg er verdas stoltaste tante!

Har i grunn ikkje skjønt kva andre folk masar om nå dei skryt av kor kjekt det er å bli tante/onkel, og kor stolte dei er av dette siklande, gulpande og grinande krapylet. "Jada....."- har Frk. Fjong tenkt. Men no skjønnar eg det. Nydelig å bli så glad i eit lite menneske på så kort tid! Vi har ikkje akkurat kjendt han lenge- berre litt over fire månedar.

Tenk kor rart! Han liknar på oss, og ser ut som ein fin miks av dei to som har laga han. Han har munnen åpen ca. heile tida. Anten for å smile, bable eller hikste av latter- eller i rein forundring over alle desse sprø menneska som lagar rare lydar og hoppar rundt som mentalt forstyrra folk, berre for å få han til å le. Og han er kresen på underhaldninga! Er ikkje det av kvalitet, så gidd han ikkje ein gong late som det er moro.

Han er blitt heile familien sin finaste gullklomp, og alle vil sjølvsagt ha ein liten bit dette fornøgde lisje vesenet som knapt grin i det heile. Ellers har eg funne ut at han elskar å sjå på tv, er eit svært bedagelig og avslappande liten herremann som gjerne tek ein liten blund midt under babysvømminga, og som trur at han kanskje er litt eldre enn kva han er- for å ligge som ein baby er berre heilt uaktuelt; han vil helst sitte oppreist som oss andre vaksne.

Her er eit utval bileter av helga. Beklaga, men babyfaktoren er høg i dette innlegget. Og det skulle berre mangle, han er den finaste (og der bevega eg meg ut på pokker så tynn is...)!









Mamma sølte tran og kyssa litt for mykje leppestift på Marius, bading, hundretusen hudfaldar å vaske.





Sola bleikna i forhald til solstrålen i vogna. Kaffi og trasking.









Babysvømming, dukking, babling og latter. Gidd ikkje meir, sovna like godt litt.











Resten av Fam. Fjong Sundal ramla inn døra tidleg morgon halv åtte, etter natt på bussen frå det vakre Vestlandet. Marius stakkar sukkerklomp vart kyssa og klemt litt flat, men smilte tappert av heile opptrinnet. Fransk frukost med crossant, cappuccino, interiørblad og strålande sol!










Svipptur innom tante og deilig gjennsyn med mine fine; Mona med kul på magen, Marius og bulldoggen Jabba. Fråtsing i nydelige pannekaker med sjokolade og jordbær.















Besøk til Tante og Per Eirik, menging med familie, fantastisk mat, Fjong anretta desserten og bollemage.















Den store dagen! Døyping i Frogner kyrkje, stolt familie og vestlandske mattradisjonar.









































Dagen derpå, Mona og Marius, nye folk, Frk. Fjong fekk kyss på tjaken av Lasse, rødming, kamelmunn, thaimat, Ingvill, kose baby Marius flat og etterselskap.
























8 kommentarer

Runa

23.mar.2011 kl.14:26

Så fine bilder! gøy med komentar :)

Johanne ♥

23.mar.2011 kl.14:30

Maange bilder :P De var veldig fine da :)

Kommentere på bloggen min ?

Frøken Fjong

23.mar.2011 kl.14:33

Takk! Fleire der dei kjem ifrå.....

I have dreams

23.mar.2011 kl.14:39

nydelig gutt :) og veldig fine bilder av dere begge to. han ser ut akkurat som en liten engel.

jeg ble for en stund siden tante selv, eller filletante får jeg vel si da jeg og kjæresten min ikke er gift, og når hun er i rommet er hun det eneste jeg ser, hun smiler så vakkert og sier navnet mitt hver gang vi treffes, som ikke er så ofte, egentlig altfor sjelden. føler nesten at hun vokser opp rett fremfor meg, allerede kan hun gå, og er blitt utrolig flink med ord. tiden går altfor fort, og hvis man lukker øynene for lenge, er det magiske øyeblikket borte.

idacharlotte

23.mar.2011 kl.14:41

Mange fine bilder, og en utrolig nydelig gutt :)

Inspirato

23.mar.2011 kl.17:11

SKURK! Kamelalarm!!! :-D Det der skal du få igjen minst tusen ganger. Takk! Hahaha :-) Vakkert...

Det var en fin helg iallefall. Håper det ikke blir så lenge til neste gang, min kjære.

Snøft fra kamelen.

Sunshine

23.mar.2011 kl.17:12

Finfint alt samma! Og så artig at han e så lik deg, og dine! Klart det liksom, men likevel. No tok eg meg tid å lese bloggen din, og følte eg hadde et liv, hurra og takk!

Frøken Fjong

23.mar.2011 kl.18:02

Tusen takk, fine klompane mine:-)

Sunshine, vi skal lage liv på laurdag vi!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits