Ord på 'F': Fjonge funn på Fretex og (f)sko frå Filippa k.

Eg fann, eg fann! Sa Frk. Fjong til han fine på Fretex. Det fine ho fann av skattar og har teke med seg heim var ei fantastisk kåpe/trenchcoat, glitter ballerinasko og eit kitch bilete som ho skal henge i den snart nyoppussa og fiks ferdige gongen.

Fjonga er godt nøgd med seg sjølv i dag. Her er eit utval bileter frå dagen!
Fjong kledde seg i sin fine raude gensar og gullsløyfa.


Sine nye flate sko frå Paris, chinosen frå Filippa k og dei høgt elska leopardstrømpene!

Før Fjong stakk til utlandet klippa ho panneluggen i 50- tall stil og stripa håret. Her er resultatet! Frk. Elska sin nye panelugg som ikkje er rett av lenger.
Visst pokker legg Fjong ut eit bilete av antrekket.  Berre fordi det er sol ute og fuglane kvitra.

Utanfor døra såg det slik ut! Fjong fekk ikkje tatt noko bileter som er å skryte av ute, fordi ho var på tråden med den nybakte mammaen og melkekyra bestaste Jannike!
Sjå kor godt bestemor kitch biletet passa i gongen. No må Fjong berre finne stolen ho er på jakt etter, ein rustikk lampe og eit saueskinn- så er gongen i sin finaste orden! Og sjølvsagt, den gamle trestigen Fjong fekk av han fine gjer god nytte til skoa.

.
Søren heller. Endå eit par med glittrande sko. Men Fjong får igrunn aldri nok av dei. Og til 65 kr. lett kjøp!

Eit aldri så lite bilete av mine nyaste Filippa K. sko! Heilt fantastiske å gå i og er rett og slett dødskule! Du veit kor du finn dei hen? Filippa K i Bergen, sjølvsagt ;-)


Finaste ordtaket.
Akk, Fjong er so glad over det fantastiske kjøpet til 250 kr! Perfekt passform og perfekt snitt. Kunne ikkje blitt beire!


Resten av dagen og kvelden viar Fjong til kreativiteten ....

Og til påfyll av kreativitet.

 

Ha ein fin onsdagskveld!

Ps, husk å bli medlem på facebookgruppa mi! Der kan du VINNE eit MÅLERI om ikkje alt for lenge!:-)

http://www.facebook.com/home.php#!/pages/Jeanette-si-verd/116235425114477

9 kommentarer

Pia Bjørnsen

16.mar.2011 kl.19:06

ha en fin kveld ja :) fine bilder!

N. Michelle

16.mar.2011 kl.19:26

Kjempe fine bilder!

I have dreams

16.mar.2011 kl.19:55

dette innlegget likte jeg kjempegodt, så utrolig artig at du delte disse funnene med oss andre :)

jeg er veldig glad i veldelighetsbutikker selv og de er stort sett de eneste butikkene jeg handler i her borte i England, de kalles for charityshops og er som regel styrt av halvskrullete småglemske gamle damer, som jeg elsker! de er så koselige,

når jeg har litt mer penger å rutte med hadde jeg tenkt å ta meg en skattetur ut jeg også, og skrive et innlegg om det. det fine med disse veldelighetsbutikkene er jo at det som en finner blir helt unikt, fordi ingen andre går i det lenger, og har liksom kastet ifra seg disse plaggene som er gått av moten for lenge siden. og det er først da det blir til glede for meg:) ha en super kveld!

16.mar.2011 kl.23:12

Herlig..det finaste uttrykket er fra bibelen : )

jeanette

16.mar.2011 kl.23:13

Ja, eg veit det :-)

16.mar.2011 kl.23:16

så utrolig kreativ du er..imponert : )

Frøken Fjong

17.mar.2011 kl.00:46

Takk alle fine folk!

Deilig med andre kommentara enn "kommenter tilbake!".

I have dreams: Ja, heilt einig. Utruleg kjekt med kle og ting som har ei historie bak seg, og som kanskje har meint noko for nokon andre. Dei har sjel!

Anonym: TAKK! Fint å høyre at andre synst eg er kreativ inn i mellom;-)

Ha ei god natt!

J.

18.mar.2011 kl.22:51

melkekyr?! akk og ve..

jeanette

18.mar.2011 kl.23:48

Jammen, du e no melkekyra! :-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits