"Ti" teikn på at du er begyndt å bli gammal.



1. Du gløymer å barbere begge leggane ved dusjing. Prøv å putt ein kaktus ned i ei strømpebukse, liksom.

2. Svarte stive og lange hår veks på haka. Pinsett er det einaste rette å bruke, men tilslutt blir du dritt lei og går laus på dei med barberhøvelen. Kjempe lurt....... Dei formeirar seg...

3. Du kikkar desperat på låra etter den berømte appelsinhuda. Ikkje faen om Fjong vil sjå ut som ei appelsin og sviske på same tid. Her skal det trenast styrke til Frk. ligg der.

4. Du innser at du ikkje lenger kan bruke str. 32- 34(xs) resten av livet. Som Fjong sin fine kollega sa: "Visst søren kan du det!". Skeptisk. Men ok- kanskje.

5. Du kjenner deg 'haugammal' ut på byen ein laurdags kveld, og innser at du kanskje ikkje lenger bør gå på dei stadane du "alltid" har gått . Ricks og skipperstuen- here i come! Frustrasjonen går over til høglytt klaging og banning " KOr i HElvete er alle dei jamngamle folka hen?"( Vandrande gatelangs, med alt for høge sko og heroinknekk i knea)

6. Du ser på dei spretne damerumpene som held ut til klokka er fem-seks og allikevel ser jævlig smashing ut. Både samme dagen og dagen derpå. Vel, Fjong held ofte ut til klokka blir for mykje sjølv, men dei gongane ho går tidleg heim kjenner ho seg som eit fossil som helst skulle ha vore i glasmonter på eit museum.

7. Du drøymer eigentlig om eit glas 'Pernod'  når du sit med ei vassen øl i handa (ja, Karin- den er til deg!)

8. Når du får kompliment som " Fy faen (blir mykje banning her), du ser jævlig bra ut sjølv om du er så gammal som du er!" Ja, Frk. Fjong fekk den kommentaren av eit rips i Måløy. Ikkje søren om eg skal der lenger.

9. Du har absolutt ingenting imot å sitte heime ein fredagskveld med ei skål chips, eit kilo smågodt og le så veggane dirrar av "gullrekka".

10. Du må få med deg Dagsnytt kvar kveld. Noko anna ville vore katastrofe!

 

Fader, ti var ikkje nok. Lat som om du forsatt berre er komen til punkt fem- ok?

 

5. Du søv med augemaske. Slike du får på natttoget og som etterkvart blir fulle av sikkel.

5. Til tider legg du deg med øyreropper (også slike du får på nattoget) Berre fordi den h..... naboen har full fest med tecno, jenteskrik og flaskeknusing.

5. Du ringe politiet fordi naboen har full fest med tecno, jenteskrik, flaskeknusing osv.

5. Du les tunge romanar på sengekanten.

5. Du tenker at 'Alt var betre før i "gamle" daga'

5. Lange hår dukkar opp på dei raraste plassar på kroppen.

 

Ok. No er det nok før Fjong blir depressiv (les: Meir depressiv). Vel, til sjuande (femte) og sist. Det er fuckings deilig å bli eldre, litt klokare(?), sikrare. sjølvtilfreds og alt anna som kjem i 'goodie bage'n' ved aldring. So the thirtie's- bring it on! (Fjong har heldigvis åtte mnd. å forbreide seg på. Phu!)

5. (Vart lagt til i etterkant)

Har berre fått 5 kommentara fordi alle dei som bloggar forsatt ikkje har fått hår på beina og mensturasjon.

7 kommentarer

Konkurranseoversikten

15.mar.2011 kl.13:21

Sjekk ut konkurranseoversikten.com for en god oversikt over hvordan du kan vinne i de beste konkurransene på nettet og stikke av med de fineste premiene! Akkurat nå kan du for eksempel vinne en reise for fem personer til Gran Canaria!
Hehe, det var morsomt skrevet :) Men man kan glemme slike ting selvom man er ung, det kan jeg litt bevise - haha.

Hvis du er intressert i sponsorer på bloggen din, så kan du sjekke bloggen min! :) Hvis du interesserer deg, da :) Uansett, kjempe fin blogg du har :) Hit vil jeg komme oftere :D

A

15.mar.2011 kl.13:45

Haha. Kan love deg at du ikke trenger å være tretti for å kjenne deg igjen i flere av de punktene.. Til og med jeg med mine lusne 22 år kjenner meg fint igjen i flere av de punktene.

Åsne Eileen

15.mar.2011 kl.14:05

Hehe, genialt :) er vitig å ta vare på seg selv :)

ha en fin dag :)

Frøken Fjong

15.mar.2011 kl.14:23

Akk, ja- det er hardt å bli eldre. Men veldig fint og! Eigentlig best, så gle dykk!

Stine

15.mar.2011 kl.18:02

Hahahahahahahahahahahahaha!

Godt observert Jeanette! Eg føler det på samme måte. Like før eg set på Wenche Myhre.. Når man blir seksogseksti.....! Osv

Frøken Fjong

16.mar.2011 kl.10:47

Hahah, takk:-)

Men det er sant! Va ute på laurdag, kor e alle dei på same alder som oss hen? E vi for gamle til å gå ut?

DET nekta eg å tru!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits