Minner i foto

Kjenner meg litt lei av å redigere hundreogfemtitusen bileter frå Paris no, og hadde igrunn tenkt å skrive eit innlegg frå kvar dag- men no tek eg like godt å samla alle bileta frå turen i ei og samme smørje. Har hatt det heilt fantastisk! Men det er måte på kor lenge ein gidd leve i fortida. Turen er no eit fint og vakkert minne vi gøymer i hjartet og tek fram når ein treng det. Akkurat no rettar Frk. Fjong fokuset mot den forsinka(?) våren i Bergen. Kom vår, KOM!


Dei fuckings fjollefine makaronane! Måtte sjølvsagt kjøpe nokre for synst skuld. Og klart fordi dei har jækla fine fargar på.
Frk. Fjong visste å forsyne seg av godsakene.

Om lukke hadde hatt ein smak, så ville dei smakt slik som desse herligheitane!

Fyrste frukost på bokkafeen 'Merci' Deilige bakevarer og himmelsk cappuccino!

Let att augene og drøymer  om rista ovnsbakt baguett og fikensylte.

Mannen les bok og nyt husfreda.

Fjong bloggar og skriv om Paris i boka si.

Kafeen har designkle, litt vintage og spennande interiør.

Fjong forelska seg i dei gamle stolane. Men kunne ikkje anna enn å berre sikle.

Du og du kor mykje fin bygg vi såg.

Blant anna ei merkelig heisekran.

Kastanjetreda kasta skugge i lysa frå Eifeltårnet

Ein ny deilig frukost på 'Merci'

Bøkene forstode eg ikkje heilt, dei var liksom på fransk då.

Toalettet på 'Merci' var fascinerande









Avslutta kveldane med raud vin og kokkossorbet på sengekanten

Fjong skrapte kvar ei krå av boksen

Christian i mitt hjarte

Såg fine ballerina som snurra rundt på skiva

Åt fersk frukt med blad på

Kjøpte dei kulaste skoa

Lufta dei i Paris sine gater
Sola fjeset, lagde rare grimasar og åt snacks inn i mellom slaga

Kom forseint til Louvre, men fekk nyte mannen med cello

Vart bergtekne av staden utanfor Louvre

Lo av strenge menn på metroen (Eller meteoren, som Fjong kalla det)

Vart sjarmert av det sjakkruta golvet på badet

Drøymde om å eige ei leilighet lik desse i Paris

Hang ut glaset på hotellet for å forevige innspeling av film

Kjølte ned fransk øl på balkongen utanfor vindauget

Rakk Louvre, og besøkte desse stive kroppane

Både kjende og ukjende. Milo frå Venus var i den mest kjende sjikta.

Fekk kink i nakken av vakre måleri i taket

'Stunning' som berre pokker

Tok ein prat med Mona- den oppskrytte.

Eg likar betre denne Mona. Ho lever opp til sitt rykte.

Såg bileter i levande live som Frk. har analysert ca. hundre gongar

Vart sinnsjukt lei av heile Louvre

Åt pannekake med nugatti på

Vart småsur etter all trakkinga etter 'Appelstore'

Kjende seg som eit lite ubrukeleg fjon i det lukseriøse kjøpesenteret

Stakk til Monmatre for å trøsteete

Der var det heilt magisk stemning og det kjendes godt å leve

Gatene var akkurat slik den Fjonge drøymde om



Utsikta var fabelaktig!

Drakk oss småfulle på champagne

Las bok om den lisje prinsen

snakka vel og lenge med hyggelige menn med kvite ark og fargestiftar

Fann spennande butikkar på vegen heim

Turna på den lange trappa ned metroen

Tok spretne hopp!

Sneik oss inn på Frk. Fjong og han fine

Fekk oss ny fransk venn

som tok oss med på ufrivilleg oppdagingsferd då vi tok toget i feil retning. Takk skal du faen meg ha, liksom.

Paris var himmelsk deilig!



10 kommentarer

♥ Maja

14.mar.2011 kl.00:48

så heeeerlig! var akkurat i paris selv, og må si jeg savner pannekake med nutella! vi bodde midt i montmartre, utrolig moro å se bilder jeg kjenner igjen :D der var det så fantastisk, vi brukte flere dager bare på å rusle der vi :) og den metroen med trappa som går rundt og rundt har jeg tatt også, tihi

SynnøveStrand♥

14.mar.2011 kl.00:56

så veldig fint ut der!

mrsjensen

14.mar.2011 kl.01:41

Det så deilig ut, og du så ut til å skli rett inn i byen :o)

mimmi87

14.mar.2011 kl.02:24

Var nærast som ein draum å sjå gjennom bileta dine. Mykje flott, og mykje spanande!
Er det kaldt der?

Inspirato

14.mar.2011 kl.11:31

Yi hi! Jeg er i bloggen din :-) Fnis! Så deilig tur det ser ut som dere har hatt. Har lyst å stikke ut og oppdage nå jeg også. Får jeg fremdeles lov å fly? Jeg tror ikke det. Flyr med dere i hode og hjerte i stedet;-) Smask!

jeanette

14.mar.2011 kl.15:00

Tusen takk alle!Deilig med fine kommemntara:-)

Ja, det er ikkje akkurat varm temperatur, men er komt ein del lenger enn i Norge.

Mona, Mona! Klart du skal vere i bloggen min! Du e so masse meir enn ho andre Mona!! Trur neppe tassen har godt av fly no? Veit eigentlig ikkje. Har aldri vore på tjukka:-)

Smask te deg og!

Mari

14.mar.2011 kl.18:25

Gu kor masse fine bileter!!!

jeanette

14.mar.2011 kl.22:31

Takk, fine! :-)

Bente

15.mar.2011 kl.14:26

Nydelig i din verden frøken..drømmer meg vekk og lar meg inspirere : ) Så takk og stå på.

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits