Paris i foto- fyrste dag.

 

Kom attende frå Paris i dag, etter fire deilige, og litt hektiske dagar med mykje trakking. No tømmer eg 'minneboksen' for bilete, førar det over til dataen og ut i verdsveven. Eg smila for meg sjølv når eg ser kva vi har opplevd på desse dagane. Sjølv om det har vore ei nydeleg oppleving, so er godt å komme attende til dei litt meir lavmela nordmenna, ei bane med berre EI linje, nyte roa på sofaen utan å få dårleg samvit over at vi ikkje er ute for å oppleve og til skikkelig godt gammaldags grovbrød!

Her er drops frå den fyrste dagen vi annkom Paris- og ja, eg er frelst av byen! Siste dagen var utan tvil strålande, men den kjem eg tilbake til.
Surrealistisk at bystasjonen ikkje kryr av hastige mennesker. Dagen starta grisetidleg! Halv fem er ikkje ei tid laga for Frk. Fjong sin kropp, men Paris venta!
Han fine putta proppene i øyrene, og ville ikkje høyre på maset til ho som sprella med beina og gleda seg til å lande i Paris. Han ville heller sleve nedover haka.
Frk. Fjong hadde ikkje noko val; ho måtte drøyme seg vekk heilt aleine ut i dei luftige pudderskyene.
Etter litt over to timar kunne dei begge sette sin fot innom eit lite sjarmerande hotell med verdas minste og gamlaste heis. Og dei hadde slike fine snirklande smijern-pynt utanfor vindauget! Frk. lot seg sjarmere!


Etter litt kviling på puta åt dei frukost på ein sjukt koselig Cafe! Kaffien og den deilige vegetar quichen smakte heilt fortreffelig etter ei alt for tidleg reise! Vi såg på alle dei fine jentene og gutane som sprada rundt i kule kle, snakka litt med det trivelige personellet og googla etter plassar vi måtte besøke.
Frk. Fjong lagde "fransk" munn når ho googla etter trivelige vintageplassar og marked i byen. Ho slengde rundt seg med både "oui" og "Bonjour"! Og lo inn i seg sjølv når folk trudde ho var fransk.
Han fine lagde og "fransk" trutemunn.


Det var verkeleg den beste varme sjokoladen og cappuccinoen dei hadde smakt på lenge lenge.
Den Fjonge si fyrste orgasmiske oppleving var ved karusellen rett ved Notre Dame! Heilt absolutely fucking nydelig- tenkte ho! Og augene glinsa om kapp med sola!
Brua over Seinen måtte forevigast. Folk virka til å vere overlukkelige over å kjenne sola i andletet.

Obligatorisk tur til Notre Dame med milelang kø som gjekk veldig smidig.

Heilt fantastisk å sjå bygget som ein har lest og sett så mykje om. Notre Dame er reikna for å vere Europa sitt finaste eksemplar av fransk gotisk arkitektur.


Sjølvsagt gjekk det an å tenne eit lys for fred, kjærleik og lykke. Men det kosta 5 euro......
Noko Frk. Fjong synst var heilt forkasteleg. Jaja, tenkte ho- Eg fekk vertfall tenne eit litt billigare lys i Nidarosdomen, sjølv om bøna ikkje såg til å verke.
Eit av mange fantastiske vindauge!
Lyset lagde nydelige spel i det sjakkruta golvet.
Sidan det var søndag var det messe.
Lang dag, mykje trasking og inntrykk. Fjonga vart litt slapp i tjaken, men ein liten matbit på ein koselig resturant hjalp.

Litt meir trasking rundt området vi tok metroen til. Før vi vendte dei trøtte nasene våre heim til hotellet.

Fjong og fin kjøpte med deilig kokkosnøtt sorbet og raudvin. Fantastisk å kjøpe raudvin i butikken i seine kvelden! jaaaaaa!!.......

Og sorbeten var berre knusande god! Frk. Skrapa kvar millimeter!
Fjong og fin skåla i raudt, vart småbrisne, såg engelsk film som var dubba på fransk og skreiv ned alt dei måtte komme på av gode idear til morgondagen.

Je t'taime Paris!

8 kommentarer

Tonita - kommenterer tilbake

11.mar.2011 kl.00:06

jeg har også vært i paris, det er super fint der!:D

Monica

11.mar.2011 kl.01:02

Wow, masse fine bilder! :D Paris virker ut som en utrolig fin plass å reise! :)

Amirr <3

11.mar.2011 kl.01:37

www.amirhashani,blogg.no

Malle twolegs

11.mar.2011 kl.03:15

Så gøy :) mange fine bilder. aldri vært der jeg

wain

11.mar.2011 kl.07:31

masse fine bilder! =) så heldig du er som har vært i Paris! =D

youarehere

11.mar.2011 kl.13:24

åh, så herlig!

framilano

12.mar.2011 kl.01:05

20 Euro?!?!?!? =O =O =O

Frøken Fjong

15.mar.2011 kl.15:10

Nei, fuck, skreiv feil! Sorry!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits