Catwalken Paris.

Å vakne til høge franske gloser er ikkje kvardagskost for Frk. Fjong. Stuepikene romsterte i gongen og satte staøvsugaren på høgir for å bli kvitt late turistar son dreg seg til langt på morgonkvisten. Men å fjonge seg opp for dei Parisiske gater krevjer si dame og tid! Makan til mennesker med stil og klasse. Det spørst sjølvsagt kor ein går, men på cafeen 'Merci' som visst plutselig har blitt vår "stamstad" for desse få dagane vi tilbring i Paris, er den lange og smale cafeen nærast ein catwalk for kreative sjeler. 'Merci'er ein sjarmerande cafe med bøker frå golv til tak, tregolv, hyggelige servitriser og ufattelig gode baguettar med tilhøyrande sylte. Cafeen har fleire avdelingar med resirkulerte designkle, interiør for kresne og andre små duppedittar som du trudde du ikkje trengde, men som du plutseleg innser du treng allikevel. Blant anna kan du kjøpe nydelige ballerinasko av merket "Repetto" som eg har lagt mi elsk på. Men det kostar.
Akkurat no les han fine i boka si, medan Frk. Fjong stirrar ut vindauget på fine folk og finn inspirasjon til det nye innlegget på nettopp 'Merci'.

Eit tips for Paris er å ikkje traske rundt heilt utan mål og meining. Ta metroen til ein stad nær ein attraksjon du kunne tenke deg å sjå og trask heller rundt i området der. Med andre ord, lag ein liten plan. Ellers kastar du vekk mykje tid på å leite rundt som ei bortkoma høne.

Gårsdagen gjekk med til litt shopping og leiting etter skattar til andre, han fine og den Fjonge. Han fine vart nesten overfallt av ei overiverig fransk dame i ein heilt fantastisk vintagebutikk. Der var skattar av Miu Miu, Vercace, YSL, Dior og alle andre nydelige merker du kan tenke deg. Han fine prøvde ei jakke, og den gamle fjonge dama lo høgt over at han prøvde damejakker! Då den fine sa at det ikkje spelte noko rolle, så lenge den passa- så pressa ho på mannen alt av jakker med paljettar, trenchecoat, frakkar osv. Ho la verkelig si elsk på han. Den Fjonge var redd for at ho ville ta han i si varetekt.

Ellers åt Fjong og fin den mest fantastiske risottoen dei nokon gong har smakt! Kvar munnful var som fløyel og med den deiligaste aromaen som eksploderte i munnen. Sjølvsagt med balsamico og parmesan. Eifeltårnet by night vart kryssa av på lista. Toppen av romantikk og uendelig fin med sine vakre lys. Sjølv om mange Franskmenn ikkje heilt set pris på lyset i tårnet. For å seie det sånn. Etter eit glas raudvin og tre makaronar sovna begge to momentant etter å ha opplevd og sansa heile dagen. Men du og du for eit vakkert folk og ein vakker by. No skal meir opplevast, og- vi snakkast!

Au revoir!

3 kommentarer

Muffins

08.mar.2011 kl.14:39

Jeg har nettop vært i Paris! Har blogget litt om det :) Er nydelig der!

Synne

08.mar.2011 kl.14:39

Fin blogg!

Vil du ha gratis gavekort på H&M? det er kjempe enkelt! har det selv og jeg digger siden! bare kopier linken under og registrer deg:)

http://www.gratismakeup.no/?r=57673

Det er verdt det helt seriøst!:D

Katrine

08.mar.2011 kl.16:10

ah..Merci... Heldige deg Jeanette!

Kos deg videre i den deilige by!

Klem fra Katrine

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits