Paris in my heart

Frk. Fjong tvinga seg sjølv ut av dvale ti på halv fem(!!!) Drog slaktet gjennom det våte element, og festa på maska med noko lunde dugande resultat. Slepte den firkanta med hjul etter seg ut i den jævlig tidlege "morgonstemninga" (sjølv Grieg ville ha låge i djup søvn), med heroinknekk i knea og augeloka hengande ned på navlen.

Surrealistisk, ein søndags morgon å gå heima ifrå, nydusja, nysminka, etter ein tørr laurdagskveld.. Det motsatte av ein "normal" laurdagskveld til den Fjonge. Ho møtte seg sjølv i døra, sa farvel til den Fjonge i dalande bris som var på veg til sengs. Lykke til med 'hangoveren' lo ho. den andre Frk. Fjong snøvla "au revoir" fuckings morgenfugl!

Kaffien på Flesland sveiva i gong maskineriet. Allereide før halve Noreg var stått opp hadde den Fjonge og han fine "jogga" over Nordsjøen, Danmark, Nederland og landa i Paris. Trehundretusenfemhundreogsekstiåtte gongar betre enn bakrus- vel og merke etter kaffien...

Dei sveipte over bomullsdottar på vegen, og metallfuglen glinsa i sola. Munnen datt ned til haka og rullegardinene vart trekt for. Ein deilig powernap før kjærleiksbyen!

Etter ein mørkhuda taxisjåfør som ikkje kunne eit ord engelsk, digga fransk popp og Michael Jacson. Sjarmerande hotell med heis frå forrige årtusen, og kviling av norsk kropp i framand land- sendte Frk. Fjong seg sjølv og han fine på oppdagingsferd.

Metro; gule, raude, grøne, lilla, blålilla, lyseblå, azurblå, pastellfarga linjer. Fjonge lo av han fine franskmannen med halvlangt hår som skjellte ut metroføraren, og av dama som hasta forbi med ein lang baguett under arma. Vi er i ein film! SA ho til han fine.


Ringaren var ikkje heime. " Tzzze churrch izz forrr frrree" sa dama med Olmt blikk i informasjonsskranken, meir opptatt av å skrive melding på mobilen enn å informere oss. Ups, ironisk at ein må betale fem euro for bønn med fint lys, og to euro for bønn med eit skarve telys, tenkte Frk. Fjong. Messa satte i gong, og dei franske katolikkane song for full hals i den tjukke tåka av røykelse, gull, dobbeltmoralisme og myrra.

Fjong og han fine var frå oss av beundring for det vakre bygget, men hadde ein bitter ettersmak av den katolske kyrkja si evne til å utnytte truande for det den er verdt. Gud og det heilage er ikkje eit produkt som skal seljast på lik linje med ei tannkremreklame. "Alle barna" betalte vel neppe fem euro då Gud predikerte sine kjende ord " La alle småbarna komme til meg". Då Frk. Fjong observerte at 'confession'-boksen var blitt til eit moderne glasvegg med diskret frosta striper, fekk Frk. fjong nok. Menneske som blir fortald at dei er fødd i synd kan vel ikkje ha det spesiellt godt med seg sjølv?

Fjong og fin gjekk ut for å leve livet og synde. Quiche og cappuchino krevjer vel to runder i skrifteboksen? Frk. Fjong naut kvar munnfull og vart lettare sjarmert av alle dei hyggelige franske beina( pokker, det blir vel tre runder i skrifteboksen?)No, med smil om munnen og raudvinsfarga tenner ligg den Fjonge å stirra i taket og ventar på svevna. Ho gler seg til fortsettinga!

Elsk frå reisande Frk. Fjong!

Bileter kjem ved attvending ti heimlandet!

6 kommentarer

Iselin - mommy, fashion.

07.mar.2011 kl.14:02

Jeg elsker Paris! Var der en gang da jeg var 10 år, må snart tilbake.
fin blogg, likte headeren :)

♥ Maja

07.mar.2011 kl.14:03

ååå, er akkurat hjemme fra paris selv! :))

lovvi

07.mar.2011 kl.14:07

åå nice! pen blogg ^^ har aldri vert i paris ;o

Krista

07.mar.2011 kl.16:19

Utrulig kjekt innlegg! :)

mari

07.mar.2011 kl.19:55

åh,nydelige Paris! Eg vil tilbake dit snart! Vil gå på kafear og berre nyte den vakre byen!!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits