Ciao bella/bello!



Hm, eit par med høge hela. Det kan bli dei nye skoa med kilhelane- super gode å gå langt i, og beina ser fabelaktig bra ut i dei! Men........(Frk. Fjong tenke høgt). Kva om eg skal kle meg ENDÅ finare? Bør eg ta med pumps? Eller- kanskje det regna padde og kyr ned frå himmelen i Paris? Er støvla det rette då? Vel, då må eg vertfall ha med skal vi sjå; tre par.....Og sjølvsagt joggesko. Alltid greit å ha når ein skal jogge rundt i gatene i den vakre byen. Ok, sei fire skopar då.

Då var vi over til jakker......akk, kor fint er det ikkje å kle seg i pels i kjæleiken sin by? Men, vel.... den tek no litt for mykje plass. Kanskje den blir litt for varm og? Kanskje eg berre skal ta med trenchecoaten, men vel. Den passa ikkje heilt til den lange kjolen eg skal ha med. So då blir det utan tvil den korte svarte skinnjakka......eller? hm. kanskje den brune?...........

Frk. Fjong riv seg i håret. Får ikkje kabalen til å gå opp.

Reinert? Synst du eg får tjukk mage i den her lange kjolen? Eller skal eg heller velge den som er litt vidare? Kanskje om eg teke trehundreogfemtifire sit-up i kveld so blir den HEILT flat? Trur du eg treng solbrille i Paris? Kan du sjekke ut veiret på Yr.no? Faen, no må vi hugse å kjøpe med batteri til kameraet før vi stikke. For batteri e det ikkje sikkert vi finn akkurat når EG vil ha dei når vi har landa.

 

Pust Frk. Fjong. Pust.

 

Snakkast i Paris!

 

9 kommentarer

Janne

05.mar.2011 kl.22:50

God tur! Kjempe misunnelig!

ISAU - Iselin & Aurora

05.mar.2011 kl.22:50

hehe, ganske så bra skrevet (:

sweetheart

05.mar.2011 kl.22:51

Haha, sånn har jeg det også når jeg pakker:-) Vil ha med alt!

Trine fine

05.mar.2011 kl.22:52

Morro! Ler godt:-)

framilano

05.mar.2011 kl.23:49

Reinert? (Reinert holder pusten, svetter kaldt, tenker seg skikkelig, grundig om)

Men vår helt Reinert visste hva det riktige svaret var! :D :D :D

Artig innlegg, det blir sikkert fint i Paris!

Mona

06.mar.2011 kl.15:15

Haha, så morro innlegg! Du har en unik fantasi, frøken :-)

Bente =D

06.mar.2011 kl.15:17

God tur! Ta masse pene bilder i Paris! :-D:-D

Alexandra Seim! ^-^

06.mar.2011 kl.15:19

Det er så genialt at du skriver nynorsk. Ekte bloggerer kan nynorsk, ikke sant? :P Men god tur. Morro innlegg!!

veroniq mike

07.mar.2011 kl.10:39

takk, det var det fineste!! Og hej, kjenner meg igjen i pakkingen. Så herlig med paristur!! Kos deg max!!!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits