Sunday inspiration- love the style

Det er søndag. Og Frk. Fjong låg strak ut på sofaen i heile går med deilig feber innabords! Dagen i dag er heldigvis betre, og ekstasa over gull frå Petter Northug brusa forsatt i blodet. Ekstremt spennande løp, og ein fantastisk prestasjon frå Northug. Ingen over ingen ved sidan av!

Akk, tenke inn i meg sjølv at eg ikkje vil bli ein typisk motebloggar. Berre fordi det kjennast litt feil, men og på same tid rett, sidan Frk. Fjong elska å vere fjong. Frk. elska å kle seg opp i spennande kle, med ein snerten vri på det heile. Er spesiellt svak for turkis og raud- for å ikkje gløyme prikka. Nytt og gammal blanda i ein herlig samensurium.

Ikkje minst finnast det så ufatteleg mykje nydelig inspirasjon på verdsveven! Så, kjære folk. I dag tenkte eg sette saman eit antrekk i Frk. Fjong stil. Enjoy!
Kjole i dyreprint frå Zara. Mange trur kanskje dyreprint blir litt for mykje av det gode, eller kan lett sjå litt for billig ut. Då gjeld det å 'roe' antrekket ned med noko enkelt og einsfarga attåt. Eller evt. berre bruke den i sin enkelheit, med lite sminke og enkel hårsveis.

Fann denne jakka på Topshop. Trur den passa perfekt til å slenge utapå kjolen! Litt oversiza og avslappa stil, med ein naturleg farge som dusar ned kjolen. Samtidig får du den klassiske egdy prikken over i'en.
Eller den nude varianten som og passar perfekt til dyreprintmønster!- og frå Zara.
Sjå kor utruleg kult og elegant det kan gjerast!


Frk. Fjong synst det er mest kledlig med forskjellig stofftekstur på dei plagga i antrekket. Sidan kjolen står for mønsteret i antrekket, så blir det mest kledelig med tilbehøyr som er enkelt. Td. det blåsvarte oversiza skjerfet frå Zara.
Eller i den nude varianten. Askebrun passar og godt til- eller ikkje sjal i det heile. Smaken er som baken!

For at antrekket ikkje skal bli for platt, så synast Frk. Fjong at assesoar med knall fargar passar godt saman med det som er blitt plukka ut. Favoritten er den turkise ringen frå Yves Saint Laurent! Ja takk!- Den kan eg gjerne få til bursdagen!

Turkise sko frå christian louboutin  for ein smashing fest-look.

Gyldne ballerinasko for ein litt meir avslappa stil.


Kul veske i vintagestil med gullbeslag for å ta igjen gullet i ringen eller på skoa. Forskjellig metall kan få heile antrekket til å sjå litt 'harry' ut, rett og slett!

Og raud neglelakk sjølvsagt! ALT blir bra med knall raude negler!

Håpe de likte det!

10 kommentarer

I love shoes and rings, kjempe fine ting!

Kjempe fin blogg! ♥

-Ha en super duper dag videre! :-)

nora sylvia viola widahl

27.feb.2011 kl.16:14

love it!

Janne, kommenterer tilbake

27.feb.2011 kl.16:14

fin :)

Micc

27.feb.2011 kl.16:15

luv it :)=

yyc

27.feb.2011 kl.16:16

klassisk! :)

mye fint :P

Akmote

27.feb.2011 kl.16:17

Kjempefint! :)

Frøken Fjong

27.feb.2011 kl.16:17

Takk alle fine folk! Ikkje alle som har lik stil, men kjekt å komme med litt tips!:-)

Victoria

27.feb.2011 kl.16:19

Utrolig mange lekkerbisker her ja :)

Rakel Nesset

27.feb.2011 kl.16:52

Kjempefin blogg!:) Fast leser her nå

Frøken Fjong

27.feb.2011 kl.17:01

Åh! Takk for det! Skal sjekk ut din og!

Ha ein strålande dag!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits