Fri og sko

Fridag. Eg skal eigentleg måle og bli rik. Har funne ut at mine kunstneriske evne fungera mykje betre på kveldstid, så då går eg heller ut, trena, tek den siste kaffien med fine Hilde- som desverre snart reise frå oss, og kikka på fine sko på føremiddagen. Er det sånn at dei som er fødd kreative absolutt ikkje fungera som a-menneske? Har diskutert dette med ei anna kreativ venninne, og vi er litt frustrert over at b-mennesker blir stempla som litt doven, lat og bedageleg anlagt. Men det stemme ikkje i det heile! Dessutan, kva i alle daga går vi glipp av klokka seks- sju om morgonen? Ikkje ein dritt, vil eg påstå! Alt det spennande foregår i skumringa!

Eg har mi mest produktive tid sånn ca. rundt klokka sju-åtte(på kveldstid, vel å merke). Då spring eg rundt som ein propell og gjer alt som eg ikkje har fått gjort før på dagen. Sjølv om det ikkje er heilt etter "fasiten" så fungerar det perfekt for meg! Eg HAR virkelig prøvd å late som eg er a-menneske! Gjorde ein liten test for fleire år tilbake med min tidlegare kjærest. Han var a-menneske opp av dage, elska trene om morgonen og kvitra om kapp med fuglane før sola stod opp(spy). Der er ingen forskjell på a og b-mennesker meinte han. Ein morgon før klokka var seks stod eg opp saman med han for å springe til tjakane vart raude og friske. Eg meina det med handa på hjarte- eg vart fysisk dårleg trudde eg skulle spy og havne på legevakta. Aldri meir! Då trena eg heller på ettermiddagen for å gjere økta til ein hyggeleg affære.

Nok om det. På tide å kunste!















6 kommentarer

Iselin - mommy, fashion.

24.feb.2011 kl.21:27

Kjempe fine sko :) Digge bilder da :)

linda-mari- motestudent i London

24.feb.2011 kl.21:54

Kule bilder!

Monica L H

24.feb.2011 kl.22:14

Ha! Endelig eit likhetstrekk med oss! Eg kjenner meg igjen i alt du seier!

(...ja me har fleire likhetstrekk, f.eks at me er frå gokk begge to og at me har ein merkelig dragning mot eit spesielt mannfolk?)

hoho

amuton

24.feb.2011 kl.22:35

Fint !:)

KRISTINE AM!

24.feb.2011 kl.23:02

ELSKER leopardskoene!!

jeanette

25.feb.2011 kl.00:29

Hahaha, skjønna ikkje ka du meina, M.! Eg synst no vi e ganske like eg, gitt

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits