Frk. Fjong gjev tips til deilig kyllingmiddag!

Frk. Fjong kom plutselig på ei oppskrift ho lærte av sin gamle samboer og fine venn Johanna, som er halvt amerikansk. Så dette er vel ein slags sunn variant av den amerikanske fritert kyllingen. Super enkelt å lage, sunt og veldig veldig godt!
Del kyllingfiletane i to, og slå dei flat med ein slik hammar berre ei husmor har( Frk. Fjong har sjølvsagt!). Kyllingfileten skal vere ca ein halv cm. tjukk.
Knus eit egg i ein djup tallerken og visp kvita og plomma saman.


Hell litt grilljemjøl opp i ein anna djup tallerken og bland det saman med salt, peppar og alt anna krydder du måtte finne på å bruke.
Vend dei flatbanka kyllingfiletane fyrst i egg
deretter i grilljemjølet.
Smach!- opp i panna og steik dei på passe varme. Blir varmen alt for sterk brenn du den brødsmuledekka overflata.

Du kan igrunn bruke akkurat kva du vil saman med filetane- berre fantasien set grenser! Frk. Fjong valde å dampe brokkoli

  
lage heimelaga potetstappe
Og sennepsaus.

Sennepsausen er i grunn berrre kvit saus med ein god dæsj sterk sennep, peppar og salt. Foretrekke den sterke sennepen på glas, men Frk. Fong hadde den desverre ikkje på kjøkenet idet ho skulle lage maten.
Maten smakte heilt himmelsk! Bon appetit kjære folk!







10 kommentarer

Inspirato

22.feb.2011 kl.20:16

Åå. Kan du komme og lage mat til meg også? Har du sett hva jeg har spist idag eller? Det er tragedie.

Frøken Fjong

22.feb.2011 kl.20:24

Ja, eg grin for deg. Klart eg kjem bollemagen. No snart- veldig snart!

sokbibilife

22.feb.2011 kl.21:17

Det så godt ut :)

Pia Bjørnsen

22.feb.2011 kl.21:17

namnam

usynligelefant

22.feb.2011 kl.21:18

Nam :)

Ingeborg Gulla

22.feb.2011 kl.21:27

namnam!

jeanette

22.feb.2011 kl.21:48

Prøv det! vil bli overraska over kor enkelt og kor godt det er! :-)

johanna

22.feb.2011 kl.22:26

vittig! jeg lagde det nettopp forrige uke, for første gang siden jeg viste deg det! :D Resultatet ditt så helt upåklagelig ut! ;) *stolt*

Nina`s univers

23.feb.2011 kl.04:32

Så godt ut:)

Peder

23.feb.2011 kl.23:01

Dinna skal prøvast ein dag:)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits