Helg i fotografi.

Mektig imponert over sola her i byen. Kan ikkje hugse sist gong den blå himmelen har vore så klar sidan, tja- sommar? Helga har bestått av jobb, fjas med piker vin og sang. Jogging i snøv. Konsert på Verftet med Bergen Big Band og sleiking av Sol. Den på himmelen vel og merke.
Med hamrande hjarte og svett rygg slengde eg meg på kuskinnet og kjende meg som ei kake etter joggeturen.

Sola steikte på Bocca. For fyrste gong på veldig lenge fekk eg den kjensla av at sola faktisk varma den svarte boblejakka mi slik at eg nesten måtte ta den av meg. Ja- det teiknet likar vi!

Divaen var saman med oss. Vi vart både kvalme og varme då vi måtte styrte kakaoen for å rekke Big Band konserten.

Han fine vart litt småsur fordi eg drakk meir enn halva av kakaoen vi delte. Men det varte berre eit millisekund.

Frk. Fjong sa sjukt mykje rart. Meir enn vanleg, berre fordi det var dagen derpå.

Det gjor Sol og. Men vi fann det underhaldande og var godt nøgde med humoren vår! Han andre rista som vanleg på hovudet, og er begyndt å bli ganske herda i øyrene.


Det er så sinnsjukt mange fine smug på veg til Verftet og i eit klagande augeblikk over at Frk. Fjong er den som alltid må ta bileta, så sa Sol seg villeg til å fotografere. Frk. Fjong poserte, men såg ikkje den store skuggen som nærma seg...

og gjekk til åtak på den Fjonge. Ho hylte og sprella, men han der med hatten hadde overtaket.

og gliste nøgd då Frk. nesten gjekk ut i ein luftig spagat og fekk tatt ho på rompa.

Divaen fekk nok og leverte kameraet tilbake til den Fjonge.

Bergen Big Band leverte musikalske perler og det foreldande publikumet samt vi var svært nøgde!

På vegen heim såg vi huset eg ein gong skal kjøpe og pusse opp. Stakkar gamle hus, det står der so full av potensial!

Og sjølvsagt ein av dei finaste vintagebutikkane i Bergen 'Kostyme', der ein kan kjøpe magasinet av Hjartesmil og fleire andre brukte skattar.

Men steik. Det var iskaldt ute! Men boblejakka kjende ut som ein god og lun sovepose.

Frk. Fjong såg fine fargar og mønster som ho måtte putte inn i minneboksen.

Pus den lodne dukka og opp. Han gnei seg opp etter beina og ville ha mest mogleg kos på kortast mogleg tid.

Ulriken hadde forsatt glimt av sol på seg i fem tida. Ja- endå eit sikkert vårteikn.

Elin, som eg ikkje har sett på alt for lenge kom på besøk! Vi putta inn i ho taco og is før ho flaug heim til Molde.

I morgon. Ny veke. Mye moglegheitar.

9 kommentarer

Idun sk

21.feb.2011 kl.00:30

fine bilder! ser ut som du har hatt en bra helg :)

Durus the champion

21.feb.2011 kl.00:34

Fine bilder!

unahernes

21.feb.2011 kl.00:40

Liker bildestilen :)

Sunna

21.feb.2011 kl.00:54

Kjempefine bilder! ;D
Mange nydelige bilder. Høres ut som en finfin helg ja.

pokemonfrida

21.feb.2011 kl.01:43

freshe picz

Hilde

21.feb.2011 kl.09:46

bloggen din gjer meg glaaaa :)

jeanette

21.feb.2011 kl.14:15

Tusen takk for deiilige kommentara!

You make me happy to, Hilde:-)

Smask!

jeanette

21.feb.2011 kl.14:20

Husk altså torsdag!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits