I dag.

I dag drøyme eg om at det skal bli vår. Fuglane skal kvitre utanfor vindauget ved soloppgong, sola skal lage streif av lysstriper inn gjennom persienene og eg skal ha lyst til å stå opp.

Eg skal gå ut med solbriller på, sette meg på ein kafé med ein kopp kaffi i handa, avisa i den andre og lese om verda utanfor mi eiga lisje boble. Tightsen og springesko skal vere venar med meg- saman skal vi oppleve svett kropp og raude roser i kinn. Høyrast litt porno ut- men eg meinar som i å jogge ute i naturen.

Eg skal springe heim, ta ein dusj og nynne på 'Across the universe' av The Beatles, gå ut i våren igjen og snuse inn lukta av den. Ta bileter av kirsebærtreda som sprett ut kring Lungårdsvatnet og ta eit glsa med rosé saman med gode venar.

I dag. Vakna av dei eg mislikar mest i verda akkurat no. Duene som har lagt sin elsk på glaskarmen utanfor soverommet. "kurrrrrr,kurrrr, kurrrrrrrrr, KURRRRRR!!". Eg tek lyden sjølvsagt med inn i draumen kvar forbanna morgon. Trur kanskje alle i min næraste omgongskrets har "kurrra" i draumane mine. Eg brukar å kaste det som ligg meg for handa- bøker er eit yndig objekt som til stadigheit flagrar gjennom rommet på morgonkvisten. Men handa på hjerter, eg hatar duene. Men klarar allikevel ikkje heilt å gjere det. For inn i mellom når eg kjem inn på soverommet og er i perlehumør, so kvitrar eg "hei!" til dei. Berre fordi eg trur det er dei same duene som alltid er på besøk. Og eg kjenner jo dei godt!

Ellers, skyene var grå i dag, vinteren ligg tung og lat utanfor døra. Vi som hadde vår for berre nokre dagar sidan, men den vart oppeten av det kvite. So dagen har blitt brukt til å måle sommarleg lette fuglebileter, drikke kaffi med den fine og handle litt utstyr til Kunstnar Fjong.






Én kommentar

Linni Blystad

18.feb.2011 kl.15:45

Så koselig innlegg

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits