My favourite things

Eg har mange favoritt ting. Ikkje alltid like lett å velgje kven av dei eg likar best, og no når eg skal lage ei lita liste over ting eg likar, så kjem eg på hundre andre ting eg burde ha tatt med i lista mi. Det var altså før eg ikkje kunne komme på ein einaste favoritt.
Gamle nostalgiske karusellar. Den finaste av dei står på skjenken i stova, og snurrar rundt med telys under seg.

Stjernesprut er rett og slett magisk. Spesielt ved året sin ende og med boblevatten til.

Mandelstong. Er akkurat som ei gammal dame.

Låg vintersol som skin opp sinn og lagar fine streif av lys i leiligheta.

Sjå på andre rare mennesker som går forbi utanfor kafé-vindauget og dikte opp historier og bakgrunn til dei.

Tulips in my head.

Fine neglelakkar. Oftast sett i raud, med matchande leppestift.

Fine lys, surra rundt det som er å surrast rundt. Kjæresten, hunden, lampe, rundt speil, vindaug.

Utvalde ord, skreve av random personar på utvalde stadar.

Coco Rosie.

Koselige tekoppar i alle størrelsar former og fargar.

Globusen eg fekk av han fine til bursdagen min.

Alt stæsjet mitt eg tek på meg for å bli fin.

Lukta av nytrakta kaffi om morgonen.

Perfekte loppisfunn som gledar meg heilt inn i hjarterota

Bøker som tek meg med til ei anna verd.

Paris, sjølv om eg ikkje har vore der endå.

Polkadottar. Eller prikkar, som vi kallar det.

Og til slutt. Springe i regnet. Håplaust i sekundet før begge beina er ut døra, ubeskriveleg friskt etterpå.





 

 

 

12 kommentarer

I have dreams

16.feb.2011 kl.18:11

et kjempekoselig innlegg og utrolig fine stemningsrike bilder synes jeg, du som har tatt dem? ble litt mystisk og samtidig behagelig, og jeg synes det var skikkelig artig å lese dette, jeg digger stjerneskudd selv og synes de er helt magiske, langt bedre enn det fyrverkeriet folk nesten tar knekken på økonomien og seg selv med. huff, jeg høres ut som en gammel dame selv, mandelsstang, den husker jeg var en fast favoritt hos farmor :p

Frøken Fjong

16.feb.2011 kl.18:15

haha, er ikkje det lov å vere litt gammal dame inn i mellom?

Har tatt fleste av bildene, gløymte heilt å legge ved link til dei som eg ikkje har tatt.

Du, tusen takk! Kjekt at du likte innlegget mitt:-)

Synne Jørgensen Livang

16.feb.2011 kl.18:29

Så utrolig inspirerende innlegg, med masse flotte bilder :-) Lyste litt opp nå som jeg ligger her syk.

RUSSUTENBUSS

16.feb.2011 kl.18:34

fine fine bilder! ble i godt humør :)

Stine Haugland

16.feb.2011 kl.18:39

fantastisk fine bilder :-) fin blogg også!

sarai94

16.feb.2011 kl.18:41

Utrolig fint innlegg :D

Jeg skal til Paris i sommer! Gleder meg sinnssykt !

Frøken Fjong

16.feb.2011 kl.18:52

Tusen takk alle:-) Deilig med fine kommentara!

Akk, skal til Paris om 18 dagar, gleda meg heilt enormt!

Krista

16.feb.2011 kl.18:52

Eg elska biletet av sollyset i oppvaskkummen:) Og ja, eg tar skrivekurset i samband med studiet. Du kan jo prøve å melde deg på eit kort eller langt kurs med skrivekunstakademiet i Hordaland? Ligg på Verftet! :)

Frøken Fjong

16.feb.2011 kl.19:00

Takk! Tenk at det faktisk va so fint å vakske opp ein dag :-) Ikkje akkurat fan av det..

Ja, du- det skal eg sjekke ut! Takk for tipset!

mwillmann

16.feb.2011 kl.19:01

Kjempefint inlegg! :)

Reinert

18.feb.2011 kl.01:02

Haha, dei koppane. . . .Når eg kom heim, to timar seinare, låg dei framleis i vaskevatnet. Med skum - like skjetne :P

jeanette

18.feb.2011 kl.10:06

Hah, vaska opp halva, so måtte eg stikke. Deretter andre halve etter besøk. So det so.

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits