Nitten dagar til Paris bella!

Midt opp i all tuting på kornett, har eg heilt gløymt at dagane mot avreise til Paris nærmar seg med museskritt! Eg er igrunn glad for at det går framover med små steg. Det blir litt som med advent, og den barnslege gleda over at julafta nærmar seg. For mykje av gleda går ut på å kjenne dei små boblene under huda av spenning, forventning, glede og sitring i kroppen.

Eg gledar meg så uendeleg til å pakke kofferten med kjolar, høghela sko, pelsjakka og alt anna dill og dall. Sjølvsagt skal eg ha med små joggesko óg( og forhåpentleg springesko og tights! jada...). Skal jo ikkje gå rundt som eit pynta juletre heile turen. Eg gledar meg til å kvine av barnseleg fryd på flyet, snuse inn lukta av anna kultur idét eg stig ut av flyet, ta inn på hotellet, snike rundt i spennande små smug, drikke vin på ein fortauscafé og kysse under rosa kisebærtre. Og ja, alt høyres forferdelig klissete ut. Men innerst inne likar alle kliss. Sånn heilt vanleg kvardagskliss.

No, sånn nittendagar før vi fyk av garde, så tek sjølvsagt 'googlinga' seg opp i femte gir. "Paris guide vintage" "Paris art gallery" "paris spring"- og gudane vete kva kombinasjonar eg ikkje har prøvd meg fram på. Hadde orda vore tallkombinasjonar, så hadde låsen for lengst blitt åpna. Om de skjønnar kva eg meinar. I mi leiting på veven, så kom eg over dei mest fantastiske bileta av inspirasjon! Vel, kor eg fann dei vil eg helst ha for meg sjølv. Mest fordi der var så uendeleg mange og fine idéar til kunsten min. Eller? Er det litt egoistisk?

Kanskje seinare. Til no er skattekista mi.

Uansett, om eg nokon gong skulle gifte meg, ha ein storslått bursdag eller berre feire livet med ein vakker fest, så skal det utan tvil vere like magisk som desse bilda under. For, herregud! Trur ikkje eg har sett noko so gåsehudfint før. Og pokker heller- tek meg sjølv i å høyre ut som ei urtefitte no (Du veit, damer som dyrkar mengder med urter, drikk urtete, går med lilla flagrande gevantar og har ein- og då berre éi øyredobb i øyret, som sjølvsagt er ei papegøye). Men inn i mellom den maniske oppførselen så er det viktig å ha dagar då ein tek heilt av på kvitrebarometeret!

Ellers kunne eg tenke meg å reise heim til Nordfjord ein tur no. Sola skin om kapp med det kvite laget som er komen i form av snøv i natt, her i Bergen. Men heime er solstrålen av ein tantunge som eg berre har sett éin gong- då dei bur i Oslo. Stemninga ved ankomst av barnebarnet/oldebarnet/tantungen er euforisk. Noko anna ville vore rart. Stakkar voffsen som er vand med å bli kost og most flat, er no littegrann misunneleg på den nye babisen. Men berre på ein god måte.

Du, vi snakkast?
























Foto: Anne-Solange Tardy.


 

10 kommentarer

carinacharlotte

15.feb.2011 kl.14:11

Fine bilder! heldig som skal reise.

charlotteholsttry

15.feb.2011 kl.14:12

DU ER UTROLIG HELDIG! ER DET DYRT?

iidyll

15.feb.2011 kl.14:13

Digg! Fin blogg:))

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.14:17

Takk, snille! Nei, veit du, vi bestillte og kjøpte i desember, betalte litt over 4000 for tur og hotell. Så det var eit kupp! Men gjer det i god tid og ha tolmodighet, so kanskje du finn ein super billig tur!:-)

Eg gleeer meg!

Karoline Star i Colorado 11/12

15.feb.2011 kl.14:59

Åh, så heldig!Kos dere :D Fin blogg^^

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.15:07

Tusen takk for det! Trur ikkje det skal bli vanskelig å kose seg der!:-) akk...!

Hildegunn

15.feb.2011 kl.15:46

Så utrulig heldig du er som skal til Paris! Det minner meg på at eg burde ta meg ein tur dit sjølv, om ikkje altfor lenge. Du må nyyyte turen!

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.17:51

Tusen takk for det! Ja, guri, du må ta deg ein tur du óg, om ikkje alt for lenge :-)

Hildegunn

15.feb.2011 kl.21:30

No veit ikkje eg kor mykje du har vore i Paris, men viss du har begrensa med tid og er der for første gong, så ikkje bruk tid på Eiffeltårnet. Det er som regel vanvittig med kø der, pluss at det er trangt og litt guffent. Mitt tips er å heller ta metroen til Abbesses og så gå trappene opp til Sacre Coeur. Utsikta der ifrå er fantastisk, pluss at det er midt i Montmartre, som må vere rette plassen for ein kunstelskar som deg:)

Frøken Fjong

16.feb.2011 kl.10:59

Har ikkje vore i Paris før, so tusen takk for tipset!

Du er ikkje akkurat den einaste som seie eg ikkje bør bruke mykje tid på dei typiske turistfellene. Men har fåt utruleg mange gode tips av tilfeldige folk som eg har møtt, og som har budd i Paris. Så det her blir bra!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits