Kvalme Valentin.

Eg spyr. Og blir kvalm.

 

Kjenne eg ikkje likar valentinsdagen. Hår og hud strittar imot når eg må svare "God valentinsdag" tilbake til nokon som nettopp har ønskt meg ein fin valentinsdag. Kan nesten ikkje finne på noko meir unaturleg å seie! Det må vere like unaturleg som å seie "Eg elskar deg over alt mellom himmel og jord". For dei kvalme klysene av ei setning kjem eg neppe nokon gong til å ta i min munn. Korleis i alle dagar kan ein vete det? Eg elska alt mogleg eg, men kan ikkje sette det opp på ei liste av "elskbarheit". Skikkelig dustete.

Eg stemmer heller for god gammaldags kvardagsromantikk.  Det skal ikkje så mykje meir til enn ein liten lapp med nokre velformulerte fraser, ein liten sjokolade, bjørneklem, kyss på kjaken eller det beste av alt; nytrakta kaffi om morgonen. Og eg er så sinnsjukt med på at det bør gå begge vegar. Derfor kjøpte eg ein liten blomster til han der mannen for nokre dagar sidan. Mest av alt fordi eg elskar tulipanar.

Oi. Då var dei vel kanskje til meg, då?





10 kommentarer

Hilde

14.feb.2011 kl.23:52

Hurra for "kvardagsromantikk" <3

Frøken Fjong

14.feb.2011 kl.23:56

Eg e so pokkers einig!

Og du då- ute å sverma i skibakken? ;-)

Frøken Fjong

14.feb.2011 kl.23:59

Ps. smukke dukka! Har du sett den sunne burgaren lenger nede på blogge? Den soo noko for deg!

Elisabeth

15.feb.2011 kl.01:05

Hehe, kunne ikke vært mer enig, jeg!

Bee

15.feb.2011 kl.01:06

Og hverdagsromantikk finnes, men en ekstra dag for å nyte det litt ekstra skader ikke

Ingeborg Gulla

15.feb.2011 kl.01:10

liker valentin jeg... god natt da!

Krista

15.feb.2011 kl.10:04

Valentinsdagen er berre sær. Det er ikkje den dagen som betyr noko, men summen av alle dei andre dagane ein tilbringer i lag med den ein er glad i. Eg ser ikkje vitsen med å kjøpe noko masseprodusert tull med hjarte eller bamsar på FORDI det er valentinsdagen?

Om ein har lyst til å gi ei lita merksemd til kjærasten sin likevel, og bruke dagen som eit påskot, er det kjekkast å lage noko sjølv. Det treng ikkje å vere store greier. Thomas baka bollar til meg. Men det var ikkje fordi det var valentinsdagen, sa han. Det var fordi han er glad i meg;) Er ikkje det mykje koselegare, eigentleg? :)

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.12:11

Heilt einig, Krista! Lika ikkje den amerikanske fjolledagen. Å få bollar baka av kjærasten er heilt perfekt! Kan ikkje bli beire igrunn. Men det er samme om det skjer på Valentinsdagen, eller på ein heilt 'vanleg' dag. Ja til kvardagsromantikk!

Krista

15.feb.2011 kl.12:46

Nettopp! :)

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.16:10

:-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits