Lou Reed and I.

 

Just a perfect weekend!

Laurdag, kjære laurdag. Lenge sidan eg har hatt fri ei helg så Frk. Fjong var på vift både her og der.  Som nemnt vart det ein del blåsing på tuten i helga. Tuten er altså min kjære kornett, som faktisk opp gjennom tidene har spleisa meg med mange fine mennesker. Tenk, kor trist det hadde vore om tuten ikkje hadde vore i livet mitt! Då hadde eg heller ikkje hatt alle dei fine blomstane  av folk i livet mitt. Då er vi enige om at tuten er ein bra ting!

Ei innhaldsrik helg med  mange fine prestasjonar, både frå oss sjølv og andre- jamvel om det ikkje viste att på resultatet med tanke på oss. Det er noko magiskt med å sitte på scena i Grieghallen. Alle som ser på blir bittesmå, og då blir det plutseleg ikkje så skummelt lenger, sjølv om lampane får svetteperlene til å renne frå tinninga, munnen er tørr som sandpapir og hjerte bankar hardt der under. Den fyrste tonen slår alt anna på gåsehud-skalaen. Tonane kling mjukt ut i salen  og kjem attende for å helse på. Nydeleg!

Ellers viste sola seg. Og makan! Eg har heilt gløymt korleis det kjendes ut å få strimer av sol i andletet. Ok, det var ikkje akkurat syden-temperatur. Men du, det var sinnsjukt godt! Fekk nyte den ekstra mykje på Verftet, då eg og øyrene mine tok pause ifrå musikken.

Ja, Frk. Fjong mista veska si óg. Den ville visst ikkje vere hjå ho lenger. Og sprang det fortaste den kunne då Frk. Fjong eit lite augenblikk såg ein anna veg. Den Fjonge lette over alt; under seter, bak gamle store menn, opp i ølglaset og i den største tubaen ho kunne finne. Men, nei. Ho måtte ta på seg raud leppestift og den lange kjolen utan veska sitt selskap. Det gjekk fint det, altså. Frk. Fjong hadde ca. tusen stk. på besøk i leiligheta, og gløymde nesten heile veska utpå kvleden. Men morgonen etter den nydelege kvelden, ja- då kom ho att.  Ho hadde berre vore på tur med ei litt eldre snill dame. Frk. Fjong vart overlukkeleg! Takk for det snilde dama!

Og, sjølvsagt- takk for ei fantastisk helg!

 

























































 

 

 

 

5 kommentarer

Frøken

14.feb.2011 kl.19:18

lyst på gratis sminke?

http://www.gratismakeup.no/?r=56118

Hilde

14.feb.2011 kl.23:59

Bergen ser vårlig ut!!!! :)

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.00:00

Bergen er fantastisk! I helga var det sooool og strålande veir, no snøva det.... joda. Sånn går no dagane! :-)

Krista

15.feb.2011 kl.10:09

Åh, det er fint å vere på Verftet! Fint innlegg:)

Frøken Fjong

15.feb.2011 kl.12:17

Takk, fine! Eg elska verftet, sjøen, sola og utsikta der. Heilt perfekt plass:-)!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits