Super funky vegetarburgar!

Akk. For ei deilig, travel og kjekk helg! Frk. Fjong har tuta på kornetten, snakka med haugevis av folk, blinka til gutane og kosa seg med øl under stjernehimmelen i Grieghallen. Bilde kjem om litt.

Dagen derpå den episke helga har i grunn berre vore deilig! Men du, eg skriv om det seinare eg. Ok? Full av kreativitet og med eit stort romlande hol i magen fekk eg lyst på ein burgar, som gjerne høyre med på ein søndag etter ei natt med god drikke i glaset. Her er ein litt anna sunn variant enn den super feite burgaren. Den smakte fortreffeleg!

LINSE- OG KIKERTBURGAR

250 gram raude linser
Ca. 400 gram (ein boks) ferdigkokte kikerter
1 egg
2 store lauk i skiver
1 heil kinesisk kvitlauk (eller 4-5-6 fedd vanlig hvitløk), hakka
180 gram strøkavring eller lignande
1 stor ss tørka koriander
1 stor ss Tandoori masala-krydder
1 stor ss hakka persille (Eg brukte tørka)
1 ts ingefær

Fann oppskrifta på nettet, men Frk. Fjong følgde den ikkje slavisk. Brukte tørka persille, men bytta ut tandoori masala- krydder og ingefær med ein del andre krydder som eg hadde ståande.


Sika ut laka frå kikertene og knuste dei med stavmiksar slik at det vart ei mjuk masse.

Skar opp lauk  i fine skjeve.

Surra lauken i olje til dei vart møyre

saman med kvitlauken.

På same tid kokte eg opp vatten saman med linsene. Brukte heller ikkje raude linser, då eg hadde nokon andre liggande. Smakte like godt dét! Moste linsene, lauk og kvitlauk i saman med kikertene.

Tilsatte griljemjøl til ein passe samarbeidsvillig deig- ikkje for hard, og ikkje for mjuk.

Tok ein dæsj av det utvalde krydderet eg ville at burgarane mine skulle smake. Her står du temmelig fritt over kva du kan tenke deg å ha opp i. Berre å prøve seg fram ved å smake på masse etterkvart.

Blanda inn eit egg. Det gjorde eg heilt i starten av kikert-prosessen.

Forma passe store kaker av blandinga.

Rulla dei i kveitemjøl slik at heile kaka vart kvit.

Steikte kakene i olje på passe varme.

Slik ser dei nydelege burgarane ut! Krydra med litt persille på toppen.

Til dressing brukte eg mager Kesam, blanda med litt salt og peppar. Hadde eigentleg tenkt å bruke guaqemole, men butikken hadde ikkje avocado.

Steikte litt sopp for å ha attåt. Tilbreida med litt god Heinz ketchup, salat, cherrytomat, soppen, Kesam-blandinga og grove hamburgarbrød.

Og du, det vart ein nydeleg og sunn middag for to. Bon appétit!





8 kommentarer

Malene Paulsen

14.feb.2011 kl.00:26

Kjempe kult, det der SKAL jeg så prøve! Kjempe flotte bilder og fin beskrivelse! :)

Kommenter tilbake? (a)

Inspirato

14.feb.2011 kl.00:32

Jeanette jeg er sulten! Kan du sende to i en Norgespakke? Jeg har mikrobølgeovn.

skie

14.feb.2011 kl.00:36

Elsker veggieburgere, det der så herlig ut! :) Jeg har faktisk blandet i avokado i mine, noe som ble kjempegodt!
Oh, det skal testes ut! :D Det så kjempe godt ut.

- Heidi

connieomland

14.feb.2011 kl.01:30

såg kjempe godt ut. likte måten du forklarte fremgangsmåten på =) skal prøve de her en gang.. jeg har lat kikerteburger før som ikke smakte NOEN ting.. hehe så må vel hive innpå noe mer krydder ja..

Dina

14.feb.2011 kl.02:02

djezus! Burger er ikke slankemat! Finn frem kjøtt og majones.

Kikerter har ingenting å gjøre i en god burger.

jeanette

14.feb.2011 kl.09:33

Den smakte super godt, så den bør virkelig prøvast! Trur nok greia med å få litt smak er å spice den opp. Kva med å ta litt taco saus i?

Mona: Ingen problem! Den kjem i posten! :-) Dog någet oppsmuldra vil eg tru!

Kjære Dina: Her er det ikkje snakk om å slanke seg. Eg kan ete kva eg vil utan å legge på meg (på godt og vondt). Eg elska kjøtt, men inn i mellom er det kjekt å prøve noko anna. Dessutan lika eg å ete sunt, berre fordi eg føle meg betre med litt grøn mat i magen :-)

jbiebernews

14.feb.2011 kl.16:01

Nydelig blogg :)

Koseligt med en kommentar tilbake :D

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits