Eg har, har du?

Eg hulka mine store tårer i gårsdagen sin episode av "Livet på vent" om Finn Harry som venta på hjartet som ville gje han livet i gåve. Tenk så utruleg sart livet er! Frå det eine augeblikket vere ein livsnytande mann, til plutseleg ikkje ha pust til å gå knappe to hundre meter samanhengande- utan å måtte sette seg ned for å ta ein pust i bakken.

Eg kjende angsten til Finn Harry på kroppen. Dei redde store brune augene og det falma smilet som dekka over den store sorga å ikkje kunne leve livet i fulle drag. Ventinga, nære og kjære som måtte sjå sin elskede visne som ein blome.

Dei fleste vil takke ja til å ta imot eit organ frå ein anna om det kunne redde livet vårt eller andre som ein er glad i. Men er det annleis viss vi må ta stilling til å gje vekk eigne organ? Svaret er enkelt.

Sei ja du óg. Éin donor kan redde sju liv! For å sette søkelys på dette enormt viktige temaet, så oppfordrar eg andre til å skrive nokon få ord om kor viktig det er å melde seg som organdonor.

www.organdonasjon.no

 




10 kommentarer

♥ Maja

10.feb.2011 kl.23:21

jeg har sagt i fra til mamma og sånn at om det skulle skje noe vil jeg donere organene mine, men har fortsatt ikke fått skaffet meg sånn kort!

Helene

10.feb.2011 kl.23:33

Bra Jeanette! Eg har også sånn kort, har hatt det i mange år! Lurt å lage innlegg på bloggen om det, eg skal gjøre det samme :) Masse masse lykke til i morgen. Blås alt du kan :P

JanneDesiree

10.feb.2011 kl.23:55

nei jeg har ikke ENDA ;) hehe.. etter jeg så donor program om en jeg vet GODT hvem er så endret jeg vell kanskej mening ja<3

Ta gjerne en titt innom min blogg om du vil:)

jannedesiree c",)

Elin Merete

11.feb.2011 kl.00:01

Har ikke fått ordnet med donorkort enda, men har sagt ifra til foreldrene mine at hvis noe skulle skje med meg så ønsker jeg å donere bort organene mine. Serien "Livet på vent" er en fantastisk serie, minner oss på hvor skjørt livet er.

INGEBORG LOCO BJØRNESET

11.feb.2011 kl.00:07

Det programmet er så trist .. Orker faktisk ikke å se det engang :(

MKD

11.feb.2011 kl.00:20

Det er helt fantastisk at du har tatt dette valget og at du oppfordrer andre til å gjøre det samme :)

frkhovdeblogg

11.feb.2011 kl.08:08

helt enig, livet er skjørt =(

jeanette

11.feb.2011 kl.15:21

So bra at dykk har gjett beskjed til dei næraste. Og til dei som forsatt vurdera; Ingenting å tenke på! Treng ikkje akkurat organa dine om livet tek slutt. Tenk så fint det vil vere å hjelpe andre:-)

veroniq mike

13.feb.2011 kl.10:28

Jeg lover deg - jeg nekter å se på program som det der, jeg blir helt satt ut og klarer ikke fungere i flere dager, men det er fint å være organdonor likevel. og det er fint at band of horses minne deg om sommeren. Sommeren er tross alt magisk og fin.

jeanette

13.feb.2011 kl.17:51

Ja, blir heilt øydelagt eg og. Men synst det er viktig å sjå på fordi om. Korleis folk faktisk har det når dei må stå i kø for å vente på eit nytt organ.

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits