Vår på Filippa K.

Enkel eleganse, sarte pudder- fargar og delikat kvalitet. Kilehelar som gjev deg haldning som ei prinsesse, flagrande ponchoar, nordisk snitt óg små fargeklattar midt i den duse paletten. Våren kjem som ein varm bris hjå Filippa og pustar vekk dei tunge og mørke kledene frå haust og vinter. Dei skjelv av frykt innst i hjørnet og veit dei syng på det siste verset.

Med hint av vår i den kalde lufta, ventar vi framleis på at mars med si mildare famn skal kome. Og vi er nærare enn vi nokon gong har vore i år. Med ton i ton, vide bukser med sleng, elegante blusar, maritime overdelar og purpur rosa kjolar feirar vi at det er like før.

-Ja, for vi treng han no. Den tanken slo Frk. Fjong idét paraplyen med dyreprint-mønsteret revna av overbelastning. Verkeleg.






























6 kommentarer

ELSKER Merket ! Gleder meg til å følge den bloggen her videre !
Ha en fab. natt =)

♥ Maja

10.feb.2011 kl.23:11

aa, mye fint!

Celina

10.feb.2011 kl.23:11

Bra mye fint!:)

Ingeborg Gulla

10.feb.2011 kl.23:20

elsk!

Marte Julie

10.feb.2011 kl.23:28

Så utrolig elskbart!

inemalin

10.feb.2011 kl.23:39

digger merket!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits