One day in pictures

Snøv som lava ned. Melis som puddrar hustaka kvite.Tenk at ho trudde det skulle bli vår om ikkje alt for lenge. At både humøret og alt det grøne skulle stå opp ifrå dvale. Ho ønskte å få overstått dei månedane som ho helst likar å viske vekk frå kalendaren.

Teen varma innanifrå. Og dagen set i gong. Anten ein vil eller ikkje. Vegg og lerret blir målt på- men inn i mellom drøymer ho seg vekk til varme og sol. Ho ser bedande opp på himmelen og ynskjer det gule skal komme fram. Klokka har blitt for mange timar, og ho hiv på seg kleda og maska i ein fart. Traskar gjennom dei sørpete gatene med subbande skritt. Idéane myldrar. Og ho ler då ho ser ein hund med kvalpefakter som helst vil gå på tur med seg sjølv i band. Ho tenke på den bestaste hunden heime.

Ho snusar inn den velkjende lukta og set seg i sofaen. Ingenting er som nærande kjøtsuppe på ein sur dag då vinden bles igjennom marg og bein. Ho andre kjem óg. Og dei tek fram penn og papir. Orda festar seg.

Heime har dei kreativt verkstad- med liming og klipping av runde dingsar som skal brukast i helga. Dei høyrer The Beatles, drikk kaffi og nynnar til musikken i bakgrunnen. Tida hentar dei inn til øving på Grand Terminus. Tenk kor flott! Å øve på eit gammalt ærverdig hotell som Grand!

Trøtt og sleten med såre lepper vandrar ho heim i mørket. Heime ventar han fine med is, kyss på nasa og stearinlys. Då er det igrunn ikkje så nøye om månaden heiter Februar eller ikkje. For snart kjem mars.

 


















No har eg registrert meg på <a href="http://bloggurat.net/minblogg/registrere/a19329d966d8a198961fcf4409bf21408b937d72">Bloggurat</a>.

 

16 kommentarer

Krista

09.feb.2011 kl.21:14

Veldig fin tekst! Eg har funne ut at ein ikkje må ynskje å viske vekk vintermånadane, då forsvinn jo halve året. Ein må finne glede i dei enkle tinga:) Kjempefine bilde!

Marie

09.feb.2011 kl.22:02

Lyst på gratis sminke/gavekort fra H&M? :D

http://www.gratismakeup.no/?r=54325

Trykk på linken, lag bruker og samle poeng så vil du på ett gavekort på H & M! Kjempefin måte å få litt penger på! Gavekortet er på enten 150 kr eller 250 kr, som du får portofritt i posten. Bra ikkesant? Så kom igjen og start nå ;)

Ida Marie

09.feb.2011 kl.22:05

Åh, dette var finfint! Blir så glad når eg finn slike fine bloggar:-)

Modell og vertinne Sarah Sæter

09.feb.2011 kl.22:29

nydelig :)

ferdiferrah

09.feb.2011 kl.22:29

fine bilder :D:D:D

Kommentar tilbake kanskje :P?

HanneHelenes

09.feb.2011 kl.22:30

likte bildene var veldig fine! likte innlegget veldig godt ! :D

monica

09.feb.2011 kl.22:35

I love it!

I have dreams

09.feb.2011 kl.22:39

et vakkert innlegg :o) du skriver så jeg kan se alt fremfor meg og bildene illustrerte teksten veldig fint :o) Ha en kjempefin kveld

kamilla (:

09.feb.2011 kl.22:46

Kjempefine bilder :D

Frøken Fjong

09.feb.2011 kl.22:58

Tusen takk for fine kommentare! :-) Love it!

ingrun b. schanke

09.feb.2011 kl.23:04

så koselige bilder! :)

onlyaillusion

09.feb.2011 kl.23:07

nydelige bilder :) spesielt det første av koppen

Frøken Fjong

09.feb.2011 kl.23:28

Takk! Godt at de likte bildene:-) Snille.

Krista, ja det e igrunn sant. Men er litt for dårleg til å like akkurat dei mnd. når det regna sidelengs og er kolmørkt ute. Kjem seg snart! :-)

veroniq mike

10.feb.2011 kl.11:01

absolutt helt sant! Og dette var et nydelig innlegg. Du tar så fine bilder!

Hilde

10.feb.2011 kl.16:02

Ahh, takk snille!

I like måte!

jeanette

10.feb.2011 kl.17:18

Eh! Hilde?

Men det var no meg som kommenterte! :-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits