Drops for auget

Eg let meg rive med av alle dei magiske bileta på weheartit.com. Er dagen ikkje full av inspirasjon, små perler eller glimt av glede- so ta ein kikk i skattekista av fotografi! Tenk, alle bileta som ligg der er nokon sin favoritt. Kanskje eit bilete som ein har tatt sjølv, eller som betyr noko og gjev eit stikk i hjartet for nokon, som minner noko om nokon, eller som vart tatt i kjærleikssorg. Eit fingaravtrykk av eit menneske der ute.

Og det likar eg.

For shit, vi treng å kjenne at nokon ikkje er aleine. Eg har sagt det før, og med fare for å verke emo . Livet er ikkje den enklaste sporten, alltid.

Ting sin tilstand her i stova. Livet smiler. Eg har måla det gamle og fine stovebordet vi kjøpte på det vekkgjøymde bruktmarkedet under brua. No står det å sola seg i glansen på det mjuke kuskinnet eg fekk av dei fine syskena til jul. Det vart pur kvit, noko soverommet óg er på veg til å bli. Eg skal ta bileter av det. Men fyrst må alt bli i sin rette stand.

Ellers har eg såre lepper. Ikkje fordi eg har klina for mykje, men av speling på kornetten. Det er den veka i året då messing- entusiastar bles det beste dei kan for å bli Noregsmeistara i sin divisjon. Eg gledar meg til å kjenne adrenalinet bruse i årene fredag, på scena i Grieghallen! Kom gjerne å ta del i entusiasmen!

Apropo Grieghallen. Han der fine spelte konsert saman med Bergen Filharmoniske Orkester på fredag. Som perler på ei snor spelte dei kjende og kjære stykker frå musikalar opp gjennom tidene. Eg fekk gåsehud, braut ut i latter og fekk tårer i augene- alt på same kveld! Det gjekk eit sukk gjennom salen då favoritten min, og tydlegvis andre sin, 'send in the clowns' smaug seg inn i øyrene og i sjela. Det var berre heilt nydeleg!

Du, det snøva store flak utanfor vindauget mitt då eg vakna i dag tidleg. Fekk ei skrekkblanda fryd. For alt eg vil er at våren skal ta Bergen med storm. Tulipanar er velkomne i stova, Fløyen kan gjerne bli grøn og knoppane på kirsebærtreda rundt Lungården må gjerne for min del springe ut i rosa. På same tid var det so fint å ligge i senga å sjå dei store kvite bommulsflaka dale ned på ein brun og grå by. Ski bør óg festast på beina før vineren forsvinn der han kjem ifrå.

Dagen ventar. Ikkje la den vente.




















8 kommentarer

MyHopelessLife

08.feb.2011 kl.11:34

Fine bilder :)

StineJuanita✿ Alanya

08.feb.2011 kl.12:09

herlige bilder!

Ida christine

08.feb.2011 kl.12:15

Veldig fine bilder.. men du burde legge med en direkte link til bilder på weheartit.. litt respekt til de som har tatt dem liksm. er jo faktisk ikke lov å kopiere derfra :)

Ida christine

08.feb.2011 kl.12:16

* Direkte link til der du fant det på weheartit.. Eller til fotografen :))

jeanette

08.feb.2011 kl.12:21

Trur nok det held at eg linka det til "weheartit.com" eg. Sånn er det.

Spør du alltid før du bruka eit bilde?

Krista

08.feb.2011 kl.12:28

Veldig fint innlegg, Jeanette:) Du skriv bra!

jeanette

08.feb.2011 kl.13:21

Takk, Krista:-)

Du og skriv vanvittig fint! Fast lesar på bloggen din:-)

veroniq mike

09.feb.2011 kl.10:40

fantastiske bilder!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits