Søvn, takk!(?)

Den var så vidt på besøk i natt. Eg hadde ønska den velkommen allereide i elleve-tida, då eg låg å las boka "Eat, pray and love". Eg kunne lest i heile natt eg, om den hadde sagt ifrå at han ikkje kunne komme. Eg vreid meg, prøvde ut alle mulige måtar å ligge på, slo handa inn i nattbordet- berre for sikkerheitsskuld, talde sauer; kom opp til 205, då orka eg ikkje sjå meir fiktive sauer opp i hovudet mitt.

Eg pønska ut korleis eg skal bli rik på kunsten min, kva vi må få med oss i Paris, kva slags ærend eg må gjere i dag. Og, ja- eg fann svaret på alt. Eg kunne løyst alle verdsproblem i natt, om det so hadde vore!

No har eg vore oppe ein del timar, ete frukost, dusja, laga solsikkebrød, skreve liste, drukke ein deilig varm kopp kaffi og oppdatert meg på opptøya i Egypt. Og eg kan ikkje anna enn sei meg godt nøgd med dagen so langt! Trur jammen eg ikkje treng sove så mykje eg- blir MYKJE meir effektiv utan!

4 kommentarer

synsvinkler

03.feb.2011 kl.11:14

Ja, du kan så si.
Noen ganger er det faktisk slik at man er mer opplagt selv om man har sovet lite. Slik opplever ihvertfall jeg det.
Forøvrig må jeg si at det er virkelig artig og bra at du skriver dialekt. Det skulle jeg også ha gjort, men har ikke helt kommet dit enda. Jeg kommer fra en bygd mellom Risør og Kragerø, og snakker på ingen måte slik jeg skriver. Men jeg føler ofte at jeg hadde gjort meg bedre forstått, dersom jeg hadde brukt dialekt.
Ha ein fin dag

Hilde

03.feb.2011 kl.12:46

Varm melk med honning :)

Sett filmen til boken? Gooo film :)

Hurra!

jeanette

03.feb.2011 kl.19:33

Takk for det! Skriv vertfall nynotsk, om ikkje dialekt.

Nei, har ikkje sett filmen endå, men skal sjå den etter eg har lest boka:-)

jeanette

03.feb.2011 kl.19:34

nynorsk:-)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits