Frk. Fjong sikla på sofaen.

Ikkje spesielt 'fjongt' å vakne opp midt i ein flekk av sikel på sofaen, og innsjå at "powernapen" som berre skulle vare eit kvarter, allereide har ete opp to timar av tida mi.

Ok, i dag har eg vore eit stort hespetre. Han fine truar inn i mellom med å lage blogg om korleis det er å leve livet saman med den "kroniske" heksa. Veit han har rikeleg med matrial å jobbe med! Og, ja- nokre dagar står Frøken Fjong opp med foten på feil side av senga, og Frk. trur gjerne at heile verda har ein konspirasjon mot ho.

Konspirasjonar som at krakken rett ved sidan av senga MÅ ha flytta seg i løpet av natta, berre fordi eg skal dundre storetåa inn i den når eg står opp, eller at den tunge tåka som ligg tjukk som ein graut utanfor vindaget, er lagt der BERRE for å plage meg. I tillegg har han fine fått seg ipad, og han har den med seg over alt! I senga, på badet, når han lagar frukost, på kafé, når han er på øving. Han er som ei kvitrande nyforelska spurv, BERRE på grunn av den tynne fine blanke og smarte 'gadget'en'. Håpe verkeleg forelskinga snart går over, for eg innser at den fjonge har havna på ein fin nr. to. Men har høyrt at nr. to er den nye nr. ein- så eg tek det med fatning!

Ellers ventar eg på at den tomme kontoen min skal fyllast opp med gull og grøne skogar. Eg kunne drept dersom eg visste kva slags irriterande kvinnfolk som har lest inn på kontofonen sin automatiske telefonsvarar; "Du har null kroner på konto!" Den hurpa!

Jadda, ellers då? For å gjere den sure Frøken Fjong litt blidare, så tok han fine ho med på 'Pingvinen'. Der koste vi oss med kakao, Elle, bok, kamera og sjølvsagt 'snuppe-duppe-Ipaden'. Frk. Fjong skula litt surt bort på den elegante plata inn i mellom, der han fine, med ømme bevegingar brukte fingrane til å åpne lenker, gjere ting større osv.
Vi stakk innom for å helse på fine Hilde på Filippa K, butikken eg jobbar på. Og eg fekk eit stikk av dårleg samvit då eg ikkje hadde med noko til ho- sidan ho skulle jobbe heile dagen.
Teite 'Kakemonsteret' var óg med. Og sjølvsagt var han ein del av konspirasjonen mot meg. Vi krangla litt med kvarandre der vi satt, og han fine lagde rare lydar for å late som at 'kakemonsteret' kunne snakke "Kaaaaake"!
'Pingvinen' er alltid fin, men ute plaska det ned, og Frøken Fjong kjenner at både januar og februar kan vere litt vanskeleg å svelgje.
Kakao med krem er aldri feil. Uansett- bortsett frå at eg alltid blir litt kvalm sånn midt i glaset, og drikk nesten aldri opp alt.

Jada, Frk. Fjong laga grimasa, pirka på skuldra og seier: "Du, Duuu, DUU!". Men alt han bryr seg om er Ipaden.....
Dame nr. 1.
Substitute for love; Sjokolade!Substitute for love 2. Frøken Fjong blir endå vrangare om magen romlar og blodsukkernivået er lågt. Så han fine fann det på tide å dra ho med seg heim for å lage klubb. Jenta vart hoppande glad, for klubb(raspeballar) er noko av det beste ho veit! På vegen kjøpte dei 'Love hearts' til hon fine som var på jobb på Filippa K.
Og ho vart strålande nøgd! Eg fekk ein eg óg. På min stod det 'Lucky lips'. Ikkje faen, tenkte eg. Men det berre fordi dagen har vore kronisk negativ. Men hallo? I måra blir alt mykje betre!
Heime på det blå og kvite kjøkenet lagde husmora klubb medan mannen vaska opp. Måltidet smakte fortreffeleg. Frk. Fjong hadde lyst til å ta bilete av dei fine og danderte tallerkane, men då var sjølvsagt batteriet utlada. Endå ein konspirasjon- tenkte den Fjonge. Då gjekk ho for å legge seg- og vakna to timar seinare med inntørka sikel ned over haka. Flott....

 

Ha ein fin kveld, godtfolk!

 

Ps. Har forresten side på facebook, der eg legg ut måleri som eg har laga, og måleri som skal selgast. Og alt anna som måtte dukke opp i hovudet mitt! Meld deg GJERNE inne!

http://www.facebook.com/home.php#!/pages/Jeanette-si-verd/116235425114477

12 kommentarer

Siv Marte

02.feb.2011 kl.22:14

Hihi :) Så fin blogg du har! Humra meg gjennom teksten, og fryda meg over at det ikkje berre er eg som har sånne dumme dagar innimellom. Håpar dagen din blir betre i morgon :)

Frøken Fjong

02.feb.2011 kl.23:14

Tusen takk, Siv Marte!

Ja, herregud, i dag e alt feil! Men håpe ei god natt med søvn hjelpe!

Kjekt du lese bloggen min:-)

Ingeborg Gulla

03.feb.2011 kl.00:42

god natt!

Krista

03.feb.2011 kl.09:18

Hehe! Du er flink å skrive, Jeanette! :) Eg har òg slike dagar.

veroniq mike

03.feb.2011 kl.10:28

Jeg ble varm i hjertet! Fine bilder!

Frøken Fjong

03.feb.2011 kl.11:20

Takk! Fint å kunne varme andre i hjertet:-)

Hilde

03.feb.2011 kl.12:42

Hurra!

syns du er søt og blid når du er sur og vrien :)

Frøken Fjong

03.feb.2011 kl.19:36

Haha, takk, Hilde! Du e go!

Mats Møller

03.feb.2011 kl.22:37

Liker den fine bloggen din og at du tar var på ho fine når eg e på andre siden av landet! :)

Frøken Fjong

03.feb.2011 kl.23:18

Takk! Sjølvsagt skal eg ta vare på ho fine!

Eg skal mate ho med 'love hearts' når kjærlighetshungeren hennar blir for sterk! :-)

Men du stikk jo av med henne uansett...:-/

Mats Møller

04.feb.2011 kl.01:36

men dokkar ska jo flytte t oslo og du skal bli kunstner og reinert skal bli musiker på opera'n :D

Reinert

08.feb.2011 kl.01:09

Det hadde vore nokke:)

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits