Bli kjendt med Frk. Fjong!

Kort om Frk. Fjong. Då dette er blogg nr. to i rekka, så innser eg at mange nye lesara har dukka opp som perler på ei snor- og ingenting gleda mitt hjerte meir enn det! Kjenner det var på tide med ein liten presentasjon:

Som dykk forstår, så er eg litt splitta mellom Frk. Fjong og Jeanette(her går beskrivinga mellom 1. person til 3. person). Ikkje heilt lett å beskrive kor skilljet går. Frk. Fjong likar å kle seg i paljettar og pels, gå i fine småsko og ta på seg raud leppestift- og sjølvsagt raud neglelakk. Ho er kanskje hakket meir fjasete enn Jeanette, elskar uventa overraskingar i kvardagen, leite etter skattar på loppemarknad og ho boblar over av kreativitet! Ho er ein djævel på "multitasking" når kreativiteten tek over. Då tek ho gjerne foto på same tid som ho redigerar bileter, leitar etter inspirasjon på nettet, har målarkosten i den eine handa og blyanten i den andre.

Som dykk sikkert skjønnar, så er det ikkje alltid like lett å vere både Frk. Fjong og Jeanette. Det kan bli litt for mykje av det gode, og ho kan lett slite seg sjølv ut. Noko ho har fått erfart på kroppen.

Jeanette, derimot- er rolegare. Ikkje roleg i den forstand, men som dei seier; " Du kan ta jenta ut ifrå bygda, men ikkje bygda ut ifrå jenta". Ho har meir eit roleg sinn. Det er ikkje så mykje storm rundt henne(...). Noko som mest sannsynleg kjem ifrå sunn oppvekst på ein gard langt ifrå byen sitt mas og kjas. På garden sprang ho etter kyr kvar sommar, stod i silo, likte å grave i marka, bli skjeten på hendene, snikkre (ja, ho har faktisk gått grunnfag møbelsnekkar) og rølpe rundt på bygdafest. Jeanette elskar å komme seg inn i skogen, vere heilt for seg sjølv og snuse inn den friske lufta. Då kjenner ho seg aldri aleine.

Ho elskar å klatre, men gjer det alt for sjeldan- og trur i dette augenblikk at det må vere eit av nyårsforsetta hennar: Å klatre meir. Då kjenner ho seg fri! Ellers tek ho ofte på seg tightsen for å springe vekk ifrå byen. For inn i mellom, ca. anna kvar dag- kjennar ho at lyden frå byen kan bli alt for mykje.


Dette er altså, Frk. Fjong. Eller Jeanette. Eller.....- sannleg om eg veit kven av dei det er.

Dette må vel utan tvil vere Jeanette? Trur eg......
Ellers likar både Frk. Fjong og Jeanette å gå på Kafé. Då spesielt saman med gode vennar og han fine, på 'Pingvinen'. For 'Pingvinen' er akkurat slik ho vil at eit "kaffi-krypinn" skal vere. Lun, god og gammaldags stemning- nett som å krype opp i stresslessen heime hjå bestemor.
Og det beste av alt; Dei serverar akkurat dei same matrettane som bestemor med sine kjærlege hender lagar heime i Nordfjord. Då lengtar Både Jeanette og Frk. Fjong heim til familien.
Frk. Fjong har gått kunstskule- og ynskjer å leve av kunsten. Til no sel ho måleri i ny og ne med stor hell. Men håpar å få skrape ihop ein heil del måleri til ei utstilling. Ellers jobbar ho for dei fine butikkane Filippa k. og Nova i Bergen. Der kan du kjøpe dei vakraste plagg! Og vakre ting gjer både Jeanette og Frk. Fjong glad.
Han fine, som nemnt ovanfor; er mannen med Walthornet. Han er eit nydeleg eksemplar av rasa! Som freelance musikkar jobbar han no saman med Bergen Filharmoniske Orkester og spelar vakker musikk som smyg seg inn i hjarterota. Frøken Fjong tek på seg pelsen og den raude leppestiften inn i mellom for å ta del i dei fine tonane. Ho sit i salen saman med fiffen og strålar over av stoltheit på vegne av han fine. Dessutan gjev han vekk dei beste bamsebjørn-klemmane du kan tenke deg!
Om ikkje alt for lenge dagane til, så skal Frk. Fjong, Jeanette og han fine til Paris. Det skal visst akkurat vere i tide til at knoppane på kirsebærtreda så vidt kikka fram mot sola. Eg, ja faktisk meg- et heile stemninga rundt Paris rått. Og eg gledar meg frå toppen av hovudet til tuppen av lisjetåa.
Sol er eit kapittel for seg sjølv i dette innlegget. Og ja, det er mange av dei fine folka som er det. Sol er så snill at det blir litt for mykje. Frk. Fjong prøvar å få ho til å vere meir "bad ass". Men ho er slik av natur, og innerst inne er eg berre sjukt misunneleg på at ho har eit slikt fint hjarte. Sol leikar med både Jeanette og Frk. Fjong(og han fine). Dei elskar å vere Fjonge saman, rølpe med øl og høyre fin musikk på konsertar, vandre heim i morgonstemning med champagnerus og smil om munn- etter eit vellykka narschpiel med folk som har blitt bestevennane våre, etter berre å ha kjendt dei i nokre timar. Då helst folk av utenlandsk opprinnelse.
Sol er og kunstnar og går på kunstakademiet. Derfor er det kjekt når ho er med på alle dei sprø idéande til Frk. Fjong. Og kjem med like mange over styr innspel på alt det fine vi kan skape saman!

Drøymen vår er å opne ein vintage/kunst/kafé/galleri- butikk ein eller anna gong i framtida! Desse bileta av sol som badar i gull og edelsteinar, vart tatt i eit augeblikk der inspirasjonen bobla ut øyrene våre.

 

Frk. Fjong og Jeanette har no bestemt seg å ta resten av presentasjonen i del nr. to. Berre fordi det rett og slett kan bli alt for kjedelig å lese om ein person i side opp, og  side ned. Så pass innsikt har eg til verda.

Vi snakkast om ikkje alt for lenge!

9 kommentarer

Anniken Nordaas

01.feb.2011 kl.15:42

Kjempe fin blogg :)

Kommenter tilbake <3

jucyy

01.feb.2011 kl.16:15

hei :-)

kjempefin blogg :-D

koselig med kommenterer tilbake <3

♥ m a e n g / /

01.feb.2011 kl.16:17

fantastisk presentasjon! :D likte å lese den, utrolig bra skrevet!:-) tror virkelig jeg skal begynne å lese bloggen din!!!

Ingeborg Gulla

01.feb.2011 kl.16:30

fint innlegg :p

Hilde

01.feb.2011 kl.16:43

Kunne lest side opp og side ned jeg, ikke kjedelig ;) Og masse fiiine bilder!

Hilde

01.feb.2011 kl.16:51

og btw;

Hurra!

jeanette

01.feb.2011 kl.18:23

Tusen takk, snille folk!!

Håpe dokke blir ivrige lesara! :-)

Marianne

01.feb.2011 kl.18:47

Dette var ein finfin ny start, Jeanette! Men fint å merka at det er same jenta som skriv framleis... :)

Frøken Fjong

01.feb.2011 kl.19:05

Takk for det! Godt at du framleis er med på lasset! :-)

Heilt same jenta som før!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits