Korleis blir ein søndag, søndag?

 

Har nemnt tusen og førti gongar før, at søndag slett ikkje er min yndlingsdag. Mest fordi det er ein dag då vi tvinnar tommeltottar, gjerne er litt i bakfylla og ventar på at den fryktelege mandagen skal komme. Då eg budde heime var skrekken for søndag kanskje verre. Bestemor ville slett ikkje at vi skulle gjere noko i det heile denne dagen, berre fordi den frå "gamalt" av var heilag. Så hadde kanskje ikkje Gud ein ni til fire jobb....

 

Men i dag har eg ikkje vore fyllesjuk, og eg tek ei heller hensyn til at Gud kvilte for mange herrens år sidan på akkurat denne dagen. Beklaga det altså, om du skulle føle deg støtt av det. Eg tek det på mi kappe. Men søndagen i dag har faktisk vore fin, berre fordi eg har fylt den med ting eg likar:

 


Slik som deilig nostalgisk musikk av 'The ink spots'......
Tonnevis med presskanne-kaffi. Kan nesten kjenne at tennene mine gulna for kvar sup eg tek.
Leiking med 'Frønken Fjong'. Kjenner ho blir meir og meir sjølvstendig og fjong for kvar dag som går.
Sofasliting saman med Sofia Coppola og 'Somewhere'......
store koppar te....
med honning i. Berre for at tennene skal bli endå gulare, og....
makaronigrateng med pølse, brokkoli, kvit saus og ost til gratinering.


12 kommentarer

Bloggforum

30.jan.2011 kl.20:16

Hei, ønsker du å få flere lesere til bloggen din? Da bør du ta turen innom bloggforum.me hvor du kan få tilbakemeldinger på bloggen din, tips til å bli en bedre blogger og komme i kontakt med andre bloggere!

Monica Solberg

30.jan.2011 kl.21:18

bra overskrift! liker søndager jeg :D

30.jan.2011 kl.21:30

Koseleg innlegg! Eg trur eg òg må få meg photoshop... korleis fekk du det?

sophieeee

30.jan.2011 kl.21:31

fin blogg !

30.jan.2011 kl.21:31

Kommentaren var frå meg, altså. ;)

Jesseper

30.jan.2011 kl.21:42

fine bilder må jeg si, søndag er boring for meeh :D

Frøken Fjong

30.jan.2011 kl.21:44

Anonym:

Takk!

Eg lasta rett og slett ned ein prøveversjon frå nettet. Googla noko sånnt som "free download photoshop cs5". Den kan du ha i 60 daga, meina eg. No må eg snart finne ein ny måte å redigere på, då prøvetida går ut. Men det skal visst kunne gå an å laste ned ein som ikkje er prøvetid på (og uten å betale). Må berre finne ein datanerd fyrst! ;-)

Frøken Fjong

30.jan.2011 kl.21:46

Frøken Fjong:

Og alle andre, tusen takk for fine kommentara! Forsett gjerne med å følge bloggen min:-)

Hilde

31.jan.2011 kl.06:05

Fiiiin blogg nr 2!

Du må skaffe "hurra knapp" :)

jeanette

31.jan.2011 kl.10:58

Haha! Takk, snille Hilde!

Eg skal sjå ka eg kan få til! :-)

Skjønna ikkje alt i den nye blogg-verda enda:-/

jeanette

31.jan.2011 kl.11:34

Ellers, kjære venn, kan no du berre skrive "hurra" inn på her? Ja?

Elin

31.jan.2011 kl.17:13

Grattis med ny blogg! :D stas å følge med på livet i Bergen!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits