Det fyrste

Kjennast ut som fyrste gong eg bloggar, sjølv om eg har gjort det i heile fem år. Men her er det altså, det heilt rykande ferske og lite gjennomtenkte fyrste innlegget på den nye bloggen min! Eg kjennar eg smått saknar Jeanette si verd, berre fordi ho var som ein god gammal ven som eg kjende tvers igjennom.

Men ok! Eg skal sjølvsagt gje deg eit forsøk, eg har no tross alt ikkje noko anna val, då eg fekk beskjed av min gamle blogg at den hadde for mange minner i seg- og ikkje orka meir av blogglivet.

Og skulle etterkvart gjerne hatt tips om korleis ein kan få til ein perfekt fine og vakker bakgrunn i denne nye verda, då denne sida må byggast opp heilt frå grunnen av.

Eg er jo tross alt ny her.

4 kommentarer

mari

28.jan.2011 kl.12:28

woho. grattis med ny blogg!

jeanette

28.jan.2011 kl.12:32

Takk!!

Herrelighet! Eg fekk heilt panikk då eg plutselig ikkje kunne laste opp bilder på den gamle bloggen! Du kjenne vel igjen følelsen?

Men no e det heilt ok! Litt deilig å starte frå 'scratch':-)

Håpe du forsatt blir med her!!

Marianne

29.jan.2011 kl.19:15

Hei

Takk for sist, eg er med på nybloggen! Gleda meg til å sjå fleire fine bilete og lese fleire velformulerte betraktningar om dette og hint..

Marianne

jeanette

30.jan.2011 kl.23:03

Takk i like måte! Veldig kjekt å ha dokke på besøk!

Skriv en ny kommentar

Frøken Fjong

Frøken Fjong

29, Bergen

Meg, Jeanette som Frk. Fjong. Leitar etter kvardagslege perler, anten det måtte vere gjennom ord, foto, måleri eller nydelege plagg, dill og dall. Dette er blogg nr. 2, då den andre bloggen var full til randen av slike perler. Eg kunstar, og vil leve av det. Eg tek foto, og vil leve litt av det óg. Eg skriv, og i mine draumar leve eg også av dét. Vegen blir til medan ein går. I mellomtida likar eg å snuse inn lukta av nypressa kaffi, leite etter skattar på bruktmarked, elske raude kjolar med kvite prikkar på, draume meg vekk i nostalgiske karusellar og lese bøker som tek meg med til ei anna verd. Og sjølvsagt, eg likar å vere fjong.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits